NRK Meny
Normal

Berre eitt sentralsjukehus i fylket

Eitt sentralsjukehus i Førde og ingen lokalsjukehus i Sogn og Fjordane.

Dette er ein av modellane styret i Helse Førdeno legg ut til høyring.
Det tredje forslaget er å ha tre likeverdige lokalsjukehus i fylket, ingen sentralsjukehus.

Må reise langt

- Det siste forslaget vil bety at pasientane må reise langt for å få hjelp. Tilbodet blir dårlegare i Sogn og Fjordane. Fagmiljøa blir bygde ned, det blir dårlegare pasientopplevd kvalitet fordi mange må reise langt for å få hjelp, og det vil gi eit negativt driftsresultat på 10 millionar kroner, sa nestleiar Jorunn Ringstad.

Også forslaget om berre eitt sentralsjukehus, ingen lokalsjukehus har klare svakheiter og Clara Øberg sa at styringsgruppa får inn for modell ein med eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter i Sogn og Fjordane.

Lengre frist

-Vi meiner denne modellen kan gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsdøme i samhandlingsreforma. Vi må inngå eit forpliktande samarbeid med kommunane for å få dette til, sa styreleiar Øberg.

Både ho og Jorunn Ringstad la ikkje skjul på kva dei meinte var den beste løysinga, samtidig som dei la til at alle modellane no skal ut til høyring og diskusjon.

Styret i Helse Førde skal vedta strategiplanen 27. mai, og det betyr at høyringa no er utsett ei tid.

NRK Sogn og Fjordane følgjer møtet fortløpande på nett, og du kan høyre frå møtet både i føremiddagssendinga klokka 11.03 og i ettermiddagssendinga klokka 16.03 på radio. Sjå også Vestlandsrevyen i kveld.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.