- Er det ikkje rett at det står i regjeringserklæringa?, spurde ordføraren i Selje, som også er leiar i Nordfjordrådet.
Les:
Les:
Les:
Les:
Ho viste til at styringsgruppa no har gått inn for å oppretthalde eitt sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter i Sogn og Fjordane, altså ingen lokalsjukehus.
Statsråd Anne-Grethe Strøm-Erichsen vedgjekk at det er korrekt oppfatta av Helgesen, men ho la til at det også står at lokalsjukehusa kan få andre oppgåver enn i dag.
- Ja, det ligg inn i regjeringserklæringa at lokalsjukehusa kan få andre oppgåver enn i dag. Og berre så det er sagt, eit av desse tre forslaga er ikkje aktuelle, og det er modellen som berre legg opp til berre eit sentralsjukehus og ingen lokalsjukehus, understreka statsråden.
Ho sa også at dei modellane som no skal drøftast må ha ei god ambulanseordning i fylket, noko også styreleiar Clara Øberg understreka.