Hopp til innhold

Berre éin av 20 blir med på flyttelasset – no blir kollegaene i Bergen kursa i geografi

Dei tilsette på operasjonssentralen i Bergen blir no drilla i kunnskap om kriminalitet og geografi i Sogn og Fjordane. Om tre veker tek dei over ansvaret for naudtelefonane frå nabofylket.

Operasjonssentralen i Florø

SNART HISTORIE: Om tre veker bli operasjonssentralen politiet har i Florø samlokalisert med operasjonssentralen i Bergen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Morten Ørn

LIKARE TENESTER: Morten Ørn meiner samanslåinga av operasjonssentralane er eit gode for innbyggjarane. – På den måten får vi meir like prosedyrar for korleis vi løyser oppdraga, seier han.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

På seinsommaren i fjor kunngjorde politimeister Kaare Songstad at Vest politidistrikt skal få ein felles operasjonssentral i Bergen, med startdato 8. november i år.

Med berre tre veker att til operasjonssentralen i Florø blir flytta sørover, er det klart at berre ein av dei tilsette blir med på lasset.

– Dessverre blir det berre éin. Det hadde vore ønskeleg at nokon fleire som kjente driftsstrukturen i Sogn og Fjordane og hadde betre lokalkunnskap vart med. Men no jobbar vi for å auke lokalkunnskapen hos dei som jobbar på operasjonssentralen i Bergen, seier Morten Ørn som er leiar for felles eining for operative tenester i Vest politidistrikt.

Har frykta at lokalkunnskapen blir vekke

Forvitringa av nettopp lokalkunnskap har vore eit argument som har blitt trekt fram av både politifolk sjølve og politikarar når det har blitt protestert mot samanslåinga. Driftsleiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, legg ikkje skjul på at han også sjølv har kjent på ein del uro.

– Det er litt nervøsitet knytt til om dei kjenner Sogn og Fjordane, om dei kan geografien, og om dei kjenner korleis politiet her jobbar.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

DET KJEM TIL Å GÅ BRA: Det trur einingsleiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen. – Etter møtet i dag senka eg skuldrene litt og opplever at dei i Bergen førebur samanslåinga på ein god måte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den erfarne polititoppen forstår at ein del innbyggjarar fryktar dei skal få dårlegare service med ein felles operasjonssentral for dei to fylka. I dag hadde han invitert kollegaene frå Bergen for å legge ein slagplan.

– Vi må gjere det beste ut av det. Dei i Bergen tek utfordringane veldig på alvor. Fagmiljøet i Bergen er stort, og det er også mykje datatekniske hjelpemiddel som gjer at dei vil ha god oversikt over både geografi og ting som skjer i Sogn og Fjordane, seier Johannessen.

Har senka skuldrene

Ørn meiner innbyggjarane i Sogn og Fjordane har lite å frykte når dei om nokre veker skal få hjelp av ein operasjonssentral i Bergen.

– Vi driv for tida med geografiopplæring og opplæring om kvar kriminaliteten skjer, kva objekt og bygg som trekkjer til seg kriminalitet og ordensuro. Samtidig skal ein ikkje overvurdere betydninga av lokalkunnskap på operasjonssentralen. Det er framleis patruljane ute i felt som har behov for den skarpaste lokalkunnskapen, og dei vil framleis vere der.

Dette blir også understreka av Johannessen.

– Vi må finne rutinar og samarbeidsformer som gjer at dette fungerer optimalt. Det som kanskje er viktigast for innbyggjarane å vite er at endringa ikkje har noko å seie for vaktordningane. Dei skal vi vidareføre, og målet mitt er at dei også skal bli betre.