NRK Meny
Normal

Bergen tek gjerne over for Florø

Kommunane som eig Alarmsentralen i Bergen ser gjerne at sentralen også får ansvaret for Sogn og Fjordane.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

STÅR PÅ KUTTLISTE: Alarm- eller 110-sentralen i Florø.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Dermed får forkjemparane for at Alarmsentralen i Florø inga drahjelp frå naboane i sør.

Ni av 20 skal vekk

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap vil legge halvparten av landets Alarmsentralar. Dagens 20 bør bli 11, meiner DSB. Fem rundt Oslofjorden, berre seks i resten av landet.

Alarmsentralane har som oppgåve å svare på alle 110-naudoppringingar, i tillegg til å overvake automatiske brannvarslingsanlegg og tryggleiksalarmar.

Blant sentralane som er føreslått nedlagt, er Alarmsentralen i Sogn og Fjordane - til store protestar frå tilsette, brannsjefar og politikarar.

– Lang erfaring med småkommunar

I eit høyringsskriv til Direktoratet for sammfunnssikkerhet og beredskap stiller Brukerutvalget for Alarmsentral Brann i Hordaland seg positive til planane.

«Storre operasjonsdistriket vil gi færre 110-sentraler med flere hendelser, økt operativ erfaring og gi operatørene bedre kompetanse i å håndtere hendelser.», skriv Stein Gjøsund.

Han leiar brukarutvalet for sentralen i Bergen og er til dagleg tilsett i Os kommune.

Gjøsund viser til at sentralen i Bergen alt har ansvar for 30 kommunar - også Gulen og Solund i Ytre Sogn. Sentralen har lang erfaring med små kommunar i grisgrente strok.:

«En utvidelse av regionen nordover - t.o.m. øvrige kommuner i Sogn og Fjordane politidistrikt - vil således ikke representere nye utfordringer for sentralen»

Ålesund vil også ha Sogn og Fjordane

Tonen i Hordaland er såleis den samme som i Ålesund, der leiaren for Alarmsentralen, Geir Thorsen, alt har vore ute og fridd til Sogn og Fjordane om at dei gjerne tek over ansvaret om Florø blir lagt ned.

(Artikkelen held fram under tv-saka)

Brannmannskap og tilsette i brannalarmsentralen i Sogn og Fjordane fryktar viktig lokalkunnskap går tapt dersom over halva av brann- og naudalarmsentralane blir lagde ned.

SJÅ TV-REPORTASJE: DSB vil leggje ned brannalarmsentralar.

Fryktar viktig lokalkunnskap går tapt

Dagleg leiar Terje Brandsøy ved alarmsentralen

VIL HALDE FRAM I FLORØ: Tejre Brandsø, dagleg leiar i Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

I Sogn og Fjordane har mostandarane av nedleggingsplanane særleg frykta viktig lokalkunnskap skal gå tapt, dersom alle 110-naudtelefonar frå Sogn og Fjordane blir operert frå Bergen.

Ikkje minst fordi mange stader ikkje har gateadresser å vise til når det oppstår akkut naud.

– Våre lokalkunnskapar har fleire gonger vore avgjerande for utfallet av hendingar, uttlate dagleg leiar Terje Bransøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til NRK då kuttplanane vart gjort kjende i januar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politihuset i Florø

HOS POLITIET: Alarmsentralen i Sogn og Fjordane held til her, på politihuset i Florø. Sentralen ligg vegg i vegg med politiet sin eigen operasjonssentral.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Viser til erfaringane i Bergen

I Hordaland legg brukarutvalet vekt på at fleire hendingar har vist at det er viktig med store og robuste operasjonssentralar.

«Erfaringer fra 110-sentralen i Hordaland - gjennom flere hendelser som bla. Rocknes-forliset, storbranner, skog- og lyngbranner, jordras og flomsituasjoner - har vist at kompetanse og kapasitet er både viktig og avgjørende», heiter det i høyringsuttalen.

Mens Hordaland gjerne tek over ansvaret for alle kommunane i Sogn og Fjordane, ber dei derimot at grensa sørover blir endra. I dag følgjer den politidistriktsgrensene, mens Brukarutvalet for Alarmsentralen ønskjer at den skal følge fylkesgrensene.

Politikarane i Sogn og Fjordane manar no til kamp for å behalda alarmsentralen i fylket. Sentralen tek mot meldingar om brann, innbrot og frå tryggleiksalarmar. 
Politikarane trur ikkje folk får hjelp i tide om telefonvakta sit i Bergen.

SJÅ TV-REPORTASJE: Samlar krefter for alarmsentralen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune