Hopp til innhold

– Ålesund kan vere eit alternativ

– Vi har allereie tette og gode band, og har kapasitet til å vere alarmsentral for Sogn og Fjordane også, seier einingsleiar for Møre og Romsdal 110-sentral, Geir Thorsen.

Geir Thorsen

HAR KAPASITET: Får 110-sentralen i Ålesund leve vidare, meiner einingsleiar Geir Thorsen at dei er betre eigna enn Bergen til å handtere naudtelefonar frå Sogn og Fjordane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Alarmsentralen i Florø og Ålesund er begge på kuttlista når Direktoratet for Samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) vil ha færre og større alarmsentralar for å stå betre rusta ved store katastrofar.

For Sogn og Fjordane sin del betyr det felles alarmsentral med Hordaland, medan Møre og Romsdal blir lagt under Trondheim.

– Det er vel å bra med robuste og store einingar, men vi fryktar at sentraliseringa fører til dårlegare oppfølging av kvardagshendingar og deltidskommunane i begge fylke, seier Geir Thorsen.

Halverer

I dag er det 20 alarmsentralar i landet, men DSB vil redusere talet til 11.

Terje Brandsøy

LEIAR: Terje Brandsøy.

Foto: Privat

– Ved å etablere nye, større 110-sentralar får kvar sentral fleire førespurnader. Det gir auka operativ erfaring og skapar solide fagmiljø. Det er naudsynt for at vi i framtida skal klare å handtere store katastrofar og parallelle hendingar, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen.

Framlegget får motbør i Sogn og Fjordane. I Florø fryktar leiar Terje Brandsøy at alarmsentralen misser viktig lokalkunnskap.

Kjenner fylket

Denne lokalkunnskapen er også Thorsen, som i tillegg er brannsjef i Ålesund, oppteken av. Om det endar med at Florø skal leggjast ned og Ålesund skal få halde fram, meiner Thorsen at det vil vere ei langt betre løysing om Sogn og Fjordane er saman med Møre og Romsdal.

Han presiserer at han ikkje vil nytte dette som eit argument for sjølv å overleve, men meiner dei i Ålesund er betre eigna til å hjelpe trivselsfylket enn Bergen.

– Vi meiner at vi og Sogn og Fjordane er veldig like i høve til lokale forhold, og meiner vi har betre føresetnad til å hjelpe kommunane i Sogn og Fjordane. Blir det for mykje sentralisering så misser vi oppfølginga av mindre kommunar med deltidsbrannvesen, seier han.

– Feil tidspunkt

– Vi har bevist at vi handterer kvardagshendingane, deltidskommunane og gjennom Fjelltunulukka, brannen i hurtigruteskipet Nordlys og orkanen Dagmar at vi kan handtere store nasjonale hendingar, legg Thorsen til.

Einingsleiaren er usikker på om ei sentralisering gir betre beredskap, og meiner framlegget kjem på feil tidspunkt.

– No er det starta ein pilot i Drammen der dei ser på samlokalisering av brann, helse og politi. Den piloten bør vere retningsgjevande for vegen vidare. Då er det feil å byrje no å redusere tal sentralar, seier han.

– Kan lære seg

Uroa for at lokalkunnskapen vil gå tapt ved ei sentralisering, deler derimot ikkje Rygh Pedersen.

Bjørn Lødemel

SKEPTISK: Bjørn Lødemel (H) er uroa over framlegget.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Dette er mogeleg å lære seg, for dei som sit på sentralane, seier ho. Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, er derimot svært skeptisk til framlegget frå DSB.

– No såg vi frå 22. juli-saka at det faktisk var den største operasjonssentralen som svikta mest, den som ligg i Oslo, seier han og legg til:

– Eg er uroa over at ein skal få så alarmsentralar at dette med lokal kjennskap og lokal kunnskap kjem i bakgrunnen.