Fagforbundet i fylket med klare tale: – Ikkje rør Alarmsentralen

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er stor nok til å takle krevjande hendingar, det meiner Fagforbundet i fylket som krev at sentralen får leve vidare slik den er i dag.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

KAN FORSVINNE: Alarmsentralen i Sogn og Fjordane som i dag ligg i Florø, kan i framtida forsvinne og i staden vil den bli lagt under sentralen i Bergen.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

På leiarsamlinga i Fagforbundet Sogn og Fjordane var også framtida til Alarmsentralen tema.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sine planar om å leggje Alarmsentralen i Florø under Bergen fell ikkje i god jord hos dei tillitsvalde.

– Ikkje rør alarmsentralen, skriv dei i ein uttale.

Meiner mange sentralar er for små

Bakgrunnen for DSB sine planar om å kutte i talet på alarmsentralar er ønsket om store robuste sentralar som står sterkare når store katastrofar og hendingar skjer.

– Dette er heilt naudsynt fordi vi har alt for mange små, lite robuste sentralar i dag. Dei har for få hendingar, så dei blir ikkje gode nok på å handtere krevjande hendingar i det daglege.

– Då veit vi at når det verkeleg smell, så er vi ikkje optimalt gode. Så er det for få på vakt på enkelte sentralar, har avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen sagt til NRK.no tidlegare.

Ordførarane i fylket har protestert og prøvar å få direktoratet til å snu.

– Dersom vedtaket blir ståande som no, så vil det nok bli ein klage frå kommunane og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, sa Vågsøy-ordførar Morten Hagen til NRK.no i midten av januar.

Sterkt imot sentraliseringa

Fagforbundet er i sin uttale om framtida til Alarmsentralen svært kritiske til det dei meiner er aukande sentralisering.

– Vi ser ein aukande tendens til at svaret på utfordringar knytt til samfunnstryggleik og beredskap er aukande sentralisering. Færre einingar, større robustheit, og sterkare fagmiljø er snart svaret på alle vanskelege samfunnsoppgåver, står det i uttalen.

Dei meiner taparane blir det einskilde mennesket og lokalsamfunna, og at ei slik sentralisering vil gi dårlegare tenester og føre til at distrikta blir tappa for kompetanse.

– Bygd for framtida

At sentralen i Sogn og Fjordane ikkje er stor nok til å takle store hendingar, er argumentasjon som fell gjennom for dei tillitsvalde i Fagforbundet.

– Sentralen har sidan den vart etablert fylgt dei krav og retningslinjer som er utarbeidde av DSB. Den er bygd for framtida og samlokalisert med politiets operasjonssentral, skriv dei og viser til at det er tett samarbeid mellom dei to etatane.

Viktig med lokalkompetanse

I eit fylke der naturen stadig set innbyggjarane på prøve er det viktig at Alarmsentralen ikkje dekkjer eit for stort område. Berre slik kan ein sikre seg eit godt nok tilbod, meiner Fagforbundet.

– Sogn og Fjordane er eit fylke der naturen stadig vekk set oss på større og mindre utfordringar. Til dømes kan ras og liknande som stenger framkomsten på vegane, vere ei utfordring. Dette krev spesielt god oversikt, lokalkompetanse og ressursstyring, det har Alarmsentralen synt oss gong på gong at dei har.

– Vi meiner difor at ein sentral ikkje bør dekke eit større område enn Sogn og Fjordane, for å klare denne jobben tilfredsstillande, avsluttar dei i sin uttale.