Hopp til innhold

LO kastar seg inn i kampen for alarmsentralen i Florø

Distriktssekretær i LO i Sogn og Fjordane, Arvid Langeland, meiner det vil svekke beredskapen i fylket dersom alarmsentralen i Florø blir lagt ned.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

PROTESTAR: Alarmsentralen i Florø kan bli nedlagt dersom DSB får det som dei vil.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Han er leiar for samarbeidskomiteen mellom LO og Arbeidarpartiet her i fylket, og dei føyer seg inn i rekkja av dei som protesterer mot nedlegginga av alarmsentralen i fylket

– Vil svekke

Direktoratet for samfunsstryggleik og beredskap (DSB) har vedteke å legge ned sentralen i Florø, til protestar frå lokalpolitikarar og organisasjonar i fylket.

– Ei nedlegging vil svekke beredskapen i fylket, meiner samarbeidskomiteen.

DSB vil redusere dagens 20 alarmsentralar til 11 og leggje Sogn og Fjordane under Bergen.

– Gjer ein god jobb

Mange har protestert dei siste vekene, mellom anna ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H), som meiner det er eit dårleg framlegg.

– Vi har ein 110-sentral i dag, som er ein av dei nyaste som er bygd, den er moderne og klargjort for innføring av naudnettet. Alle tilbakemeldingar eg får seier at sentralen gjer ein veldig god jobb ut mot brannvesenet i kommunane og andre tenester som dei yter til kommunane, sa han til NRK nyleg.

Vil gjennomføre

DSB på si side meiner at den teknologiske utviklinga gjer at det ikkje lenger er naudsynt med så mange alarmsentralar i landet.

– Det er no mogeleg å sjå nesten alt ut frå eit kart, det er elektroniske hjelpemiddel, vi har snart eit naudnett som kjem på plass om kort tid slik at ein kan ha direkte dialog med dei lokale brannsjefane. Og dei har den naudsynte lokalkunnskapen, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen.