Hopp til innhold

Beredskapssjefen er nøgd etter «Urd»

Fylkesberedskapssjefen for Sogn og Fjordane er godt nøgd med kommunane sitt arbeid før stormen kom. Men han meiner vêret spelte den viktigaste rolla.

Stormen Urd i Florø

OVERKOMMELEG: Det var vått og mykje vind, men stormen «Urd» utsette ikkje kommunane for dei heilt store problema.

Foto: Bård Siem / NRK

Stormen «Urd» feia over landet i går kveld og tusenvis var utan straum. Gulen mangla mobildekning, vegar var stengde, fly sto på bakken og ferjer var innstilte.

SJÅ SITUASJONSRAPPORTEN ETTER «URD»

Fylkesberedskapssjef for Sogn og Fjordane, Håvard Stensvand, meiner det gjekk betre enn han hadde frykta.

– Det mest dramatiske var nok det med ambulansetransport dersom det hadde skjedd hendingar. Og, bank i bordet, det skjedde ikkje ulukker eller folk som vart alvorleg sjuke i den vanskelegaste perioden, som eg veit om, seier han.

Håvard Stensvand

ROSAR KOMMUNANE: Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Vik var vanskelegast

Folk i Vik var heilt isolerte, då vegen over Vikafjellet var stengd, samtidig som det ikkje gjekk noko ferje frå Vangsnes.

– Det blæs godt her i vik, men ikkje noko ofseleg. Likevel er ferja innstilt, og når luftambulanse ikkje flyr, så går det ut over beredskapen vår, sa ordførar i Vik, Olav Turvoll til NRK, måndag kveld.

Fylkesberedskapssjefen meiner det var der situasjonen var mest problematisk.

– Det er nok der det ville ha vore vanskelegast, sidan det ikkje var mogleg å frakte pasientar sørover, og at det ikkje var ferjetrafikk over fjorden, seier Stensvand.

– Vart ikkje utsett for store problem

Kommunane var godt budde på stormen, men det var eigentleg vêret som var den største årsaka til at det gjekk så greitt som det gjorde.

– Kommunane vart ikkje utsette for dei heilt store problema, men vi konstaterer at det har vore gjort eit godt arbeid på førehand og kommunane har tatt dette på høgste alvor.

Spesielt trekker han fram arbeidet som har vore gjort innan helse, pleie og omsorg.