Hopp til innhold

Helikopter flyr ikkje – må frakte pasientar i skyssbåt

Mange ferjer ligg til kai måndag kveld, og helikopter kan nesten ikkje fly. Helse Førde vurderer difor skyssbåt som einaste alternativ for helsepersonell over fjordane.

Luftambulanse på plass i Eidfjord

PÅ BAKKEN: Det er for mykje vind for at helikopter kan fly i kveld.

Foto: 03030-tipser

Mannheller-Fodnes det einaste store ferjesambandet som er i drift i Sogn og Fjordane i kveld. Dette gjer at det er vanskeleg for helsemannskap å transportere pasientar.

– Vi gjer vårt beste, men vi slåst mot naturkreftene og ein veg kan plutseleg stenge utan at vi kan føresjå det, seier Terje Olav Øen i Helse Førde.

Eitt av alternativa når vegar er stengde er helikopter, men det er for sterk vind til å kunne stole på transport gjennom lufta.

– Vi har ingenting som flyr. Luftambulansen flyr ikkje, og redningshelikopter er avventande og må vurdere frå oppdrag til oppdrag etter kor sterk vinden er, seier Øen.

Vik er isolert

Sidan mange ferjesamband heller ikkje er i drift, prøver no Helse Førde andre metodar for å frakte pasientar over fjordane, dersom det er naudsynt.

– Vi tenker å bruke skyssbåt for å krysse fjorden mellom Lavik og Oppedal, dersom vi må ha pasientar til Bergen, seier Øen.

Vik i Sogn er ein av stadane som er heilt isolerte no. Vegen over Vikafjellet er stengd, og det går ikkje noko ferje frå Vangsnes

– Det blæs godt her i vik, men ikkje noko ofseleg. Likevel er ferja innstilt, og når luftambulanse ikkje flyr, så går det ut over beredskapen vår, seier ordførar i Vik, Olav Turvoll.

Terje Olav Øen i Helse Førde fortel at ambulansestasjonane har styrka ambulanseberedskapen i Måløy, Eid, Stryn, Flora, Høyanger, Lærdal og Sogndal, slik at dei er operative utover kvelden.

Desse ferjestrekningane er ikkje i drift (klokka 22.30):

  • E39 Anda – Lote (Sogn og Fjordane)
  • Fv365 Værlandet – Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Fv614 Isane – Stårheim (Sogn og Fjordane)
  • Fv57 Leirvåg – Sløvåg (Sogn og Fjordane)
  • Fv606 Krakhella – Rutledal (Sogn og Fjordane)
  • Fv57 Rutledal – Rysjedalsvika (Sogn og Fjordane)
  • Fv65 Fure – Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Fv608 Gjerdvik – Askvoll (Sogn og Fjordane)
  • Rv13 Dragsvik – Hella – Vangsnes. B-ruta er innstilt og A-ruta har siste avgang frå Hella klokka 1930. (Sogn og Fjordane)
  • E39 Sandvikvåg – Halhjem (Hordaland)
  • Fv56 Nordhuglo – Hodnanes (Hordaland)
  • Fv544 Skjersholmane – Ranavik (Hordaland)
  • Fv546 Hufthamar – Krokeide (Hordaland)
  • Fv40 Skånevik – Matre (Hordaland)
  • Fv48 Skånevik – Utåker (Hordaland)
  • Fv13 Kinsarvik – Utne (Hordaland)
  • Fv568 Fedje – Sævrøy (Hordaland)
  • Fv126 Gjermundshamn – Varaldsøy (Hordaland)
  • Fv48 Årsnes – Gjermundshamn (Hordaland)
  • Fv541 Buavåg – Langevåg (Hordaland)
  • Fv552 Hattvik – Venjaneset (Hordaland)
  • Fv62 Skjersholmane – Borgundøy (Hordaland)
  • Fv546 Sandvikvåg – Husavik (Hordaland)
  • Fv 49 Våge–Halhjem (Hordaland)
  • E39 Festøya–Solavågen (Møre og Romsdal)