Hopp til innhold

Ber turfolk om å vurdere ruteval og kompetanse

Det har vore mange redningsaksjonar som krev helikopter på Vestlandet det siste døgnet. I ein slik situasjon kan det bli lenge å vente før hjelpa kjem til folk som er i naud.

Redningshelikopter fra Hovedredningssentralen

ILLUSTRASJON: Redningshelikopter på oppdrag for Hovudredningssentralen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Nokre av redningsaksjonane vi har vore involvert i det siste døgnet har tatt heile natta. Det seier seg sjølv at det kan bli lenge å vente for folk som treng hjelp når vi får fleire hendingar samtidig, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen på Sola.

No ber han folk vise varsemd når dei skal ut på tur.

– Vi har kome til den tida på året då det byrjar å bli mørkt tidleg. Det er også noko kjøligare enn det har vore. Det siste døgnet har vi hatt fem krevjande redningsaksjonar i fjellet. Dei fleste av desse har vore på Vestlandet, seier Sunde.

Ubudde turfolk

Sunde fortel at felles for fleire av redningsaksjonane er at dei møter folk som har reist ut på tur utan å vere godt nok budde på vêr og turforhold og at folk ikkje har hatt med seg nok av kle og utstyr. Fleire har og blitt overraska av at mørket kjem tidlegare enn venta.

Nils Ole Sunde

ÅTVARAR: Redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen på Sola ber folk kle seg godt og vere nøye med å velje ein trasê som passar til erfaringane når ein legg ut på tur i fjellet.

Foto: NRK

– Folk må absolutt kome seg ut på tur i det fine vêret som er no. Men dei bør vere skikkeleg utstyrte. Når ein legg ut på tur bør ein ha med seg det som trengst for å tole ei natt ute, seier redningsleiar Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen på Sola.

Ikkje sikkert ein får hjelp i tide

Sunde vil gjerne åtvare folk som trur at det berre er å ringe etter eit helikopter om ein skulle kome ut for problem i fjellet.

– Vêret og fjellet kan ofte vere krevjande. Det er ikkje sikkert at ein får den hjelpa ein treng innan den tida ein håpar på, seier Sunde.

Trass i mange redningsaksjonar så har det gått toleleg bra med folk det siste døgnet.

– Det har vore nokon småskadar, med beinbrot og anna, men ingen har kome til alvorleg skade og ingen har omkome det siste døgnet.

– No håper eg folk tenkjer seg ekstra godt om før dei legg ut på tur, seier Sunde til slutt.