Det vart sett i gang ein storstilt redningsaksjon, etter at tyske fiskarar hadde sett ein naudrakett i området.
Tyskarane tok seg ut i området der rakettane vart skote opp, og møtte på fem belgiske fisketuristar som hadde fått tau i propellen.
– Dei fekk slepehjelp og er i god behald, seier Ben Wikøren som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen.
Dei belgiske fisketuristane fekk trøbbel like ved øya Våre, aust for Lindesnes fyr.