Hopp til innhold

Fryktar valdtekter i russetida - ber russen passe på kvarandre

Russetida skal vere fest og moro, men mange unge jenter opplever også å bli valdtekne. Senter mot incest og seksuelle overgrep ber spesielt russegutane om å ta ansvar.

Russ 2013

TA ANSVAR: Pass på kvarandre og ver måtehaldne med alkohol, er nokre av dei enkle råda frå overgrepssenteret for å unngå valdtekter i russetida.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Vi skal ikkje kome med noko moralsk peikefinger, men vi vil kome med ein appell til russen. Vi håpar det vi skal snakke om kan vere ein tankevekkar for alle, seier Trude Merete Lundekvam.

Ho er fagleg rådgjevar ved Smiso, senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane.

Håpar å unngå valdtekter

Russetida er snart i gang for fullt, og med den mykje fest og moro. Men kvart år høyrer ein også om dei mindre positive sidene ved den tradisjonelle feiringa – vald og overgrep.

I år har Smiso bestemt seg for å vere litt i forkant og møter russen for å snakke om kva dei kan gjere for å unngå at russetida skal bli ei vond tid.

– Vi får dessverre inn alt for mange unge jenter frå fylket som har blitt valdtekne, seier Lundekvam.

– Om vi kan vere med å hindre ei valdtekt, så vil vi gjere det vi kan for å få det til, seier ho.

Skjer ofte i samband med fest

Det finst ikkje spesifikke tal på kor mange valdtekter som skjer i samband med russefeiring, men ved Smiso veit dei at mange opplever uønskt seksuell kontakt denne tida.

– Vi veit at 40 prosent av alle melde valdtekter skjer i samband med fest og i situasjonar der begge partar er rusa. Det er gjerne typisk for russetida, seier Lundekvam.

Ein fersk rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress viser at ei av ti norske kvinner har blitt valdtekne.

Snur livet opp ned – for begge partar

Når dei tilsette ved senteret skal møte russen vil dei forsøkje å få ungdomen til å forstå korleis ei valdtekt kan påverke livet til dei involverte for alltid.

Både den som blir utsett for eit overgrep, og den som står bak.

– Vi vil fortelje dei korleis dei som opplever å bli valdtekne frå livet sitt snudd på hovudet over natta. Men dette kan også skje for den som brått blir ein valdtektsforbrytar. Dei kan bli ansvarlege for å ha skadd ein annan person for livet, seier rådgjevaren.

I russetida er det ofte mange ungdomar samla samtidig, og det blir knytte nye vennskapsband. Men sjølv om russetida for mange blir ei tid der det blir skapt gode minne for livet, opplever andre at dei blir utsette for vald og overgrep av personar som står dei nære.

– Dei fleste blir valdtekne av ein person dei kjenner, og det skjer gjerne på ein plass der dei i utgangspunktet kjenner seg trygge, seier Lundekvam.

– Og dei som valdtek er heilt vanlege menn og gutar, legg ho til.

– Pass på kvarandre

Ho håpar både gute- og jenterussen tek ansvar for at russetida kan bli ei tid alle kan sjå tilbake på som noko positiv.

– Vi vil at dette skal vere ei tid alle hugsar som kjekk, og ikkje ei tid der dei opplevde noko så forferdeleg som ei valdtekt.

– Vi ber spesielt gutane ta ansvar for sine haldningar, men også jentene. Og vi ber ungdomane passe på kvarandre. Reiser dei på fest saman, så kan dei godt reiste heim saman også.

Råda frå Smiso til russen er ganske enkle.

– Passe på kvarandre, vere måtehaldne med alkohol og oppføre seg ordentleg mot kvarandre. Ver ein god medruss, seier Lundekvam.