Den senegalesiske U23-kapteinen skulle eigentleg komme denne veka, men blir ikkje med i helgas treningskamp mot Førde.
Årsaka er situasjonen som den siste vekene har vore i Nigeria.
– Det er ambassaden i Nigeria som skriv ut visumet, men han er i Senegal og har problem berre med å komme seg til Nigeria. For å få fortgang må vi vere der, seier Fylling.
Agenten ordnar visum
I byrjinga av januar demonstrerte sinte nigerianarar mot at styresmaktene ville doble bensinprisen. Hæren vart sett inn for å roe demonstrantane og nyleg gav president Goodluck Jonathan etter og kunngjorde at bensinprisane blir redusert.
Det er innført portforbod og stor uro i landet. No er agenten til Stéphane Diarra Badji i Nigeria for å møte personleg opp på ambassaden for å få fortgang.
– Eg ordna alt av invitasjonar og signaturar for å få dette til då vi fekk underskrifta hans, men visum er ein drøy prosess, seier Fylling.
– Han kjem
Fylling forsikrar at situasjonen med Badji er ein heilt annan enn med Mohamed Sesay i fjor.
Spelaren frå Sierra Leone brukte to ulike identitetar etter at han kom til Norge i 2008. Overgangen frå Raufoss til Sogndal gjekk difor i vasken.
– Vi hadde flybillett oppover til i dag, men det tvilar eg på vil gå. Han kjem, men vi veit ikkje heilt når, seier han og legg til at han kjenner til fleire norske klubbar som slit med å få visum til sine spelarar frå ambassaden i Nigeria.