Spelaren frå Sierra Leone var i klubben første halvdel av 2010, men er no i heimlandet der han ventar på å få løyve til å reise til Noreg, skriv Sogn Avis.
– Må komme oss vidare
Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, seier denne prosessen kan ta frå eitt til fem år.
– Vi har jobba med saka i eitt år, så no må vi kome oss vidare, seier han til avisa.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Brukte to ulike namn
Sesay, som eigentleg heiter David Simbo, har brukt to ulike namn og det er difor usikkert om han i det heile kan kome attende til landet.
Men Fylling seier at døra framleis er open for spelaren dersom han får løyve å arbeide i Norge.
– Det er synd vi ikkje kan bruke han, for han er ein veldig god spelar.