NRK Meny
Normal

Beklagar Hallén sin avgang

FØRDE (NRK): Det gjekk eit sukk gjennom salen då fotballpresident Yngve Hallén på fotballtinget i Sogn og Fjordane annonserte sin avgang.

Robert Endestad er overraska over Hallén sin avgang.

SJÅ NETT-TV: Krinsleiar Robert Endestad takkar avtroppande fotballpresident Yngve Hallén for innsatsen.

– Det vart uvanleg stille.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane fotballkrins, Robert Endestad.

Slapp nyheita i opningstalen

Etter seks år som fotballpresident har Yngve Hallén frå Sogndal bestemt seg for å ikkje stille til attval. Det trass i at han i sommar signaliserte det motsette. Hallén grunngjev avgjerda med omsynet til familien.

Krinsleiaren i heimfylket seier han har forståing for avgjerda, men beklagar avgangen.

– Det var sjokkerande nyheiter under opninga av tinget vårt laurdag føremiddag. Det er trist. Yngve har vore ein god og tydeleg leiar, seier han til NRK.

Rosar innsatsen

Endestad meiner valkomitéen står overfor ei stor oppgåve.

– Det blir tøft å finne ein erstattar.

– Korleis vart nyheita tatt i mot lokalt på tingsetet i Sogn og Fjordane?

– Det blei ei veldig stille forsamling. Det er ikkje fotballen kjend for. Veldig overraskande. Men ein må ha respekt for avgjerda han har tatt saman med sin familie. Yngve har gjort ein kjempejobb for norsk fotball, og vil sikkert vere med å bidra framover.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser