Hopp til innhold

Båt har gått på grunn

Ein 71 meter lang båt står fast ved Svartskjæret utanfor Florø.

Lastebåten Freyja gjekk på grunn utanfor Florø

FULL STANS: Klokka 13.06 i dag kom meldinga om at ein båt hadde gått på grunn.

Foto: Truls Kleiven

Klokka 13.06 fekk hovudredningssentralen melding frå kystradioen om at ein båt hadde gått på grunn ved Svartskjæret like utanfor Florø.

– Dei er elleve personar om bord, det er ingen personskadar og ikkje teikn til lekkasje, fortel Erik Willasen ved hovudredningssentralen.

Båten Freyja er 71 meter lang og gjekk utan last. Ei redningsskøyte er på staden og ser på moglegheitene for å dra den av grunn.

I går gjekk ein anna båt på grunn på nestan samme stad.

Lastebåten Freyja gjekk på grunn utanfor Florø

PÅ GRUNN: Båten gjekk på grunn ved Svartskjæret utanfor Florø.

Foto: Henrik Lillebjerka