NRK Meny
Normal

Her står den 98 meter lange lastebåten på grunna

Båten blei ståande på grunn aust for Stabben fyr. No er den på veg til land i Florø der den blir undersøkt.

Redning

REDNING: Her er redningsskøyta Halfdan Grieg i aksjon for å hjelpe lastebåten Ingvild.

Foto: RS Halfdan Grieg

Lastebåten, Ingvild er 98 meter lang og har dødvekttonn på 4418. Redningsskøyta Halfdan Grieg kom til staden for å hjelpe til, og no er dei på veg til land med den nesten 100 meter lange båten.

Lastebilen Ingvill

PÅ GRUNN: Her ser ein båten Ingvild som har gått på grunna utanfor Florø.

Foto: Christine Nordal Sunde

Båten går for eiga maskin og skal bli undersøkt av dykkarar når den kjem til kai. Ein veit enno ikkje kor store skader det kan vere snakk om på lastebåten, seier reiarlaget.

– Vi fekk melding på Florø radio klokka 12.28 om at lastebåten var gått på grunn ved Stabben, seier redningsleiar, Erik Willassen.

Båten skal ha teke inn noko vatn, men det var ingen lekkasje, og heller ikkje personskade, ifølge Willassen.

Lastebåten, Ingvild har eit mannskap på 15, er 98 meter lang og er 4418 tonn tung. Redningsskøyta Halfdan Grieg er kom til staden for å hjelpe til.

SJÅ VIDEO: Her låg skøyta Halfdan Grieg rett ved sidan av lastebåten som stod på grunna.

Om bord var eit mannskap på 15 personar, og båten var lasta opp med tømmer. Reiarlaget opplyser om at det er for tidleg å seie noko om kva som er skjedd.

Her er båten Ingvild
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.