Hopp til innhold

Barnekor og kransenedlegging for nytt toalett i Fjærland

FJÆRLAND (NRK): No skal det bli slutt på avføring i naturen rundt Supphellebreen i Fjærland. Toalettopninga vart markert med barnekor og kransenedlegging.

Hans Haugen og Jarle Aarvoll

NYTT TOALETT: Ordførar Jarle Aarvoll stod for den høgtidlege opninga, her får han blomar av Hans Haugen i bygdelaget i Fjærland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg har ikkje heist flagget i dag, men dette er eit flott tiltak, seier Ivar Supphellen.

Han er ein av dei som har hatt dyr i området før toaletta kom. Trengde turistar gjorde då ifrå seg over alt i buskane.

– Det var rett og slett noko griseri. Du trakka i avføring når du gjekk i skogen og der gjekk dyra på beita men den risikoen for smitte som det utgjorde, seier Supphellen.

For kring ti år sidan såg han seg rett og slett nøydd til å slutte å ha dyra på beite i området.

–Ja, etter eit utbrot av salmonella så måtte vi finne oss eit anna beiteområde, seier Supphellen.

Supphellebreen i Fjærland

TURISTMÅL: Kvart år tar kring 12 000 turistar turen innom Supphellebreen i Fjærland.

Foto: Silje Guddal / NRK

Endeleg toalett

Breen i Fjærland er ein arm til Jostedalsbreen og har vore eit ynda mål for turistar sidan før andre verdskrigen. Dei seinare åra har mangelen på toalett vore eit aukande problem for dei mange tilreisande. Men i dag kunne ordføraren i Sogndal opne eit splitter nytt toalett for turistane.

– Naturen skal takast vare på og grunneigarane skal kunne leve der. I dag er eg glad på grunneigarane og bygdeutvalet sine vegne. For slik forholda var før det vil eg ikkje snakke om ein gong, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

For grunneigarane i Fjærland toppa det seg sommaren 2017. Etter den sommaren kravde bygdelaget endring og no to år seinare er toaletta på plass

– No vert det ei heilt ny tid for Supphellebreen. No kan ein drive med dyr igjen og ein kan trakke utanom vegen utan å risikere å trakke i avføring, seier Hans Haugen som er leiar i bygdeutvalet i Fjærland.

Etter årevis med problem fekk dei i fjor på plass nokre festivaltoalett.

– Då fekk vi mange tilbakemeldingar frå dei besøkande om kor reint og fint det var. Slike tilbakemeldingar gjer at fleire kanskje får lyst til å kome til Supphellebreen, seier Haugen.

Maria Knagenhjelm, Ivar Supphellen og Trude Solli

GLER SEG: Nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm, Ivar Supphellen og kona Trude Solli.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Viktig for reiselivet

Kring 12 000 besøkande tar kvart år turen til Supphellebreen, og kring 30 prosent av dei har også vore der tidlegare. Når området no er betre tilrettelagt, med blant anna toalett, håpar nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm at fleire vil nyte det vakre området.

– No kan vi endeleg utvikle området med fleire stiar og informasjonstavler, og eg trur at turistane vil oppleve at dei vert tekne i mot på ein god måte. Det er viktig for at fleire skal ynskje å kome hit, seier Knagenhjelm.