Hopp til innhold

Her drit bokstaveleg tala turistane i naturen

FJÆRLAND (NRK): Søppel som flyt, avføring mellom rundballar og uro for smitte, er situasjonen ved turistattraksjonen Supphellebreen i Fjærland.

Dopapir i området ved Supphellebreen

DOPAPIR: Dopapir flyt ved turistattraksjonen Supphellebreen i Fjærland.

Foto: Silje Guddal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er noko svineri, seier Ivar Supphellen.

Supphellen er gardbrukar, nabo til Supphellebreen og likar turistar. Men når tunet vert parkeringsplass og traktorskuffa toalett, ber han om at noko vert gjort.

– I sommar, eg vil ikkje bruke slike stygge ord, men det såg altså heilt forferdeleg ut. Det låg mykje papir, folk har gjort avtreden i buskene, seier leiar Hans Haugen i Fjærland bygdautval.

Hans Haugen (t.v.) og Ivar Supphellen

STORE UTFORDRINGAR: Dei ønskjer turistar velkomne til bygda si, men krev at kommunen tek ansvar for søppel og toalett. Leiar Hans Haugen i Fjærland bygdautval og bonde Ivar Supphellen (til høgre)

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei to står under den blå, svulmande Supphellebreen i Fjærland, eit ynda syn for turistane. Men på parkeringsplassen er det verken toalett eller søppelspann.

Smitte

Supphellebreen er ein av fleire populære turistplassar som manglar skikkeleg infrastruktur. I sommar opplevde mange turistar enten stengde toalett eller sprengt kapasitet på ulike destinasjonar.

– Før i tida hadde ein ordningar som fungerte nokon lunde. No er vi komne til 2017 og klarar ikkje å få til noko som helst. Det er beklageleg, seier Haugen.

No har bygdautvalet sendt brev til kommunen der dei krev handling. Supphellen leigde tidlegare området rundt parkeringsplassen til beite. Det har han slutta med.

– Vi tek ikkje sjansen på å ha dyra her, på grunn av smitte. Det er ikkje nokon som har kunne sagt til meg at det er trygt å la dyra mine gå i ekskrement frå utanlandske turistar, seier Supphellen.

Ekskrement nær Suppehellebreen

VED LØA: Om lag 500 meter frå parkeringsplassen finn Ivar Supphellen avføring inntil løeveggen og mellom rundballane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bonden fortel at på våren, før kommunen brøyter vegen inn til parkeringsplassen, vert tunet hans parkeringsplass.

– Då har eg nokre gonger måtte plukke avføring ut av traktorskuffa, sukkar Supphellen.

Sko, papir og ølboksar

Etter ein sommar med fleire uheldige opplevingar for turistane, krev no reiselivsnæringa at kommunane tek grep og betrar toalett- og søppelhandteringa i sine område.

Sko som ligg att ved Supphellebreen

EIT SOMMARMINNE: Joggesko, ølboksar, dopapir og plastkoppar var noko av det som låg rundt parkeringsplassen ved Supphellebreen i november.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er det minste ein kan forvente av ein kommune som har inntekter frå næringa. Dei pengane må ut att i god infrastruktur, seier leiar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Saman med tre andre destinasjonsselskap i Sogn og Fjordane sender dei i november ut eit brev til alle kommunar med informasjon og forventningar.

Supphellebreen i Fjærland

SUPPHELLEBREEN: Breen i Fjærland er ei arm til Jostedalsbreen og har vore besøkt av turistar sidan før andre verdskrig.

Foto: Silje Guddal / NRK

Håpar på løysing

På kommunehuset i Sogndal svarar ordføraren at dei skal på synfaring i området.

– Vi må ha ei løysing klar, på ein eller annan måte, til neste sesong, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Akkurat kva løysinga vert, veit ikkje Aarvoll, men peikar på eit mogleg samarbeid med Nasjonalparkstyret. Parkeringsplassen ligg ved inngangsporten til Jostedalsbreen Nasjonalpark.

– Eg trur verken kommune, private, reiseliv eller staten har teke dette nok på alvor, vedgår Aarvoll.

Leiaren i bygdeutvalet måtte sjølv plukke søppel i sommar. Haugen håpar han slepp det komande turistsesong.

– Ein marknadsføre seg mot turistar, men følgjer ikkje opp med bosshandtering og toalettanlegg, det vert heilt feil.