NRK Meny
Normal

Barna i fylket står utan Barnehus – valdsutsette barn må reise i timevis til avhøyr

Lang reisetid til Ålesund eller Bergen gjer at det er vanskeleg å gje barna den oppfølginga dei treng.

Avhørsrommet på Barnehuset

MÅ TIL ÅLESUND ELLER BERGEN: Ved eit Barnehus er forholda under avhøyr tilrettelagt for å gjere barna mest mogeleg trygge.

Foto: Tine Nilsen / NRK

– Det er for lang reisetid for barn som har vore gjennom sterke opplevingar. Derfor ønskjer vi at born i Sogn og Fjordane skal ha dei same rettane og mogelegheitene når det gjeld å ha kortast mogeleg reisetid til slike avhøyr. Det seier leiar i rådmannsutvalet, Terje Heggheim.

Terje Heggheim

TRENG BARNEHUS: Leiar i rådmannslaget, Terje Heggheim, meiner det er på tide å krevje eit Barnehus til Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kvart år må kring 50 unge i fylket reise til Bergen eller Ålesund for å bli avhøyrt i vald og overgrepssaker, fordi fylket ikkje har eige Barnehus.

Pengar sett av i statsbudsjettet

No vil rådmannsutvalet ha politisk støtte for å få eit barnehus til fylket. I dag er det ti barnehus i landet, og regjeringa har sett av 15 millionar kroner for å styrke tenesta. Målet må vere å få noko av løyvingane hit, seier Heggheim.

– Det handlar om at vi tar eit initiativ både politisk og administrativt. Vi ser at statsbudsjettet for neste år at regjeringa styrkar slike tiltak. Og då handlar det om at vi følgjer opp og ber om at det blir etablert eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane.

Les også: Nyttar ikkje Barnehuset til avhøyr - lang reiseavstand er årsaka

Linda Åmelfot er ansvarleg for barneavhøyr i Sogn og Fjordane politidistrikt. Der born har vore utsett for eller vore vitne til vald eller overgrep, er det understreka at avhøyra skal skje ved Barnehus.

Lang reisetid for å bli avhøyrde

Frå første oktober er det politiet som skal gjere avhøyra. Kvart år er det om lag 50 saker i Sogn og Fjordane, der born borna må reise mellom tre og seks timar kvar veg, til Bergen eller Ålesund, for avhøyr.

– Det er viktig at borna får ei god og fagleg oppfølging når dei rapporterer om alvorlege hendingar, seier Linda Åmelfot.

Linda Åmelfot

ANSVAR FOR BARNEAVHØYR: Linda Åmelfot har ansvar for at barn som er utsette for vald eller overgrep blir avhøyrde. Ho likar ikkje at barna må reise i fleire timar for avhøyr.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dagens reiseavstand til barnehusa gjer det også vanskelegare å gje borna den oppfølginga dei har krav på, seier Åmelfot.

– Eg tenkjer litt tverretatleg, at ein har meir nærleik til dei prosessane som vert sett i gang viss barn fortel om vald eller overgrep. Då vil det vere tiltak som skal settast i gong umiddelbart.

For det er krevjande når avstanden blir stor, seier ho.

– Barnevernet er kanskje få tilsette ved dei få kontora, og er på reise og har ikkje mogelegheit til å fatte dei akuttvedtaka som trengt. Det går på oppfølging av barna i ettertid i forhold til familien dei skal førast tilbake til. Så det er ein oppfølgingsdel som er litt vanskeleg i forhold til at vi er så langt vekke frå der avhøyra skjer, seier Åmelfot.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.