Hopp til innhold

Nær 50 born involvert i valds og overgrepssaker i fylket i fjor

I fjor var nær 50 barn involverte i overgreps- og valdssaker i Sogn og Fjordane. Slike saker blir det fleire av.

Randi Kongsvik

AVHØYRER BARN: Randi Kongsvik må konstatere at stadig fleire born må fortelje om overgrep og vald.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det går ifrå dei litt mindre alvorlege sakene til veldig grove overgrep, seier Randi Kongsvik.

Kongsvik er den einaste i Politiet i Sogn og Fjordane som har jobben med å få barn til å snakke om slag, overgrep og misbrukt tillit.

Ting går inn på ein, men ein må ha evna til å legge vekk saker. Men enkelte saker og enkelte born er vanskelegare enn andre å legge frå seg.

Randi Kongsvik

– Omfanget aukar

Dei siste tre åra har det blitt utført 128 dommaravhøyr av barn som er involvert i valds- og overgrepssaker. Barna vert avhøyrde på Barnehusa i Bergen eller Ålesund.

Talet på barn som må reise dit og fortelje om opplevingane sine aukar, fortel Kongsvik.

– Omfanget er ganske stort, og det er aukande. Og så ser ein at det som skjer på nettet av overgrep er stadig aukande, seier Kongsvik.

Aukar ressursane til avhøyr

Til saman har det blitt utført 128 dommaravhøyr av barn frå Sogn og Fjordane dei tre siste åra. I fjor var talet 48, og sju av sakene kunne relaterast til nettbruk, ein auke på 6 frå 2013.

Kongsvik peikar på fleire grunnar til auken, mellom anna mindre tabu og tettare samarbeid med barnevernet.

– Det er sett mykje meir fokus på det dei siste åra. Born er svært lojale, men no er det meir opp i dagen enn det har vore tidlegare.

Til hausten får Kongsvik to kollegaer som også skal arbeide med avhøyr av barn.