Hopp til innhold

Reagerte på ballongslepp: – Litt korttenkt

Det har vore ein tradisjon for turnstemnet, men både barn og vaksne reagerte då ballongane flaug til vêrs under årets opningsarrangement.

Mange har reagert på at det vart sluppe gassballongar i lufta under opninga av barneturnstemne i Måløy.

TIL VERS: Arrangørane av det store turnstemnet i Måløy i helga tek sjølvkritikk etter at det vart sleppt fleire hundre helikumballongar til himmels på opninga. Foto: Arne Stubhaug, NRK

– Etter nokre talar skulle ungane sleppe alle ballongane samtidig. Det reagerte eg veldig på. Dei kjem jo ned igjen og hamnar i naturen, og det er unødvendig, seier Birgit Tansøy.

Birgit Tansøy

EIN VEKKAR: Birgit Tansøy trur meir omtale i media får fleire til å tenke på miljøet. Turnstemnet hadde heliumballongar i fjor også, men då tenkte ho ikkje over det.

Foto: privat

Ho var ei av mange foreldre som møtte fram for å sjå ungane på turnstemnet i helga. I tillegg ville ho hente inspirasjon til neste år, når heimbyen Førde skal vere arrangør.

– Vi merka oss både positive og negative ting, men dette måtte eg sei frå om at vi ikkje ville ha i Førde, seier Tansøy.

Ho fekk også vite frå andre foreldre at både dei og mange av barna hadde reagert på ballongane.

– Alle foreldra eg snakka med hadde tenkt på det same. Folk er blitt meir bevisst på ikkje å kaste ting i naturen, legg ho til.

Lite gjennomtenkt tradisjon

Turn

FÅ REAKSJONAR: Torill Eide Tennebø seier dei har fått to tilbakemeldingar på ballongane, men at folk elles har vore fornøgd med turnstemnet.

Foto: EVA WESTVIK / NRK

– Det å ha ballongar i stemnet har blitt gjort i fleire år. Det er kjekt for ungane og ser fint ut i opptoget, så derfor fortsette vi den tradisjonen, seier Torill Eide Tennebø i arrangementskomiteen.

Ho innrømmer at det ikkje var nokon diskusjon rundt ballongane i forkant av stemnet.

– Vi burde kanskje tenkt oss litt meir om i forkant, så vi vil legge til i evalueringa at neste arrangør kan droppe det.

Naturvernforbundet kallar det «litt korttenkt», og peikar på fokuset som har vore på plastforsøpling i naturen den siste tida. Mellom anna saka om Gåsenebbkvalen som blei funnen med 30 plastposar i magen.

– Å sleppe ut heliumballongar på denne måten bidrar til forsøpling av naturen, så vi skulle så klart ønske det ikkje hadde skjedd, seier leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg.

Turn

TRADISJON: Opninga av barneturnstemnet har brukt heliumballongar tidlegare, men i år reagerte publikum.

Foto: EVA WESTVIK / NRK

Vil ha færre ballongar på nasjonaldagen

Med 17. mai rett rundt hjørnet er det tid for norske flagg og kroneis, men også høgsesong for heliumballongar.

Lundberg meiner folk bør la ballongane vere, og heller sjå på korleis ein kan lage morosame festar som ikkje fører til plast i naturen.

Leder i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg

KORTTENKT: Silje Lundberg i Naturvernforbundet meiner arrangørar bør finne andre løysingar enn ballongar, spesielt med alt fokuset som har vore på plast i naturen.

Foto: Naturvernforbundet

– Når 17. mai kjem håper eg at fleire vel flagg og bjørkeris framfor heliumballongar.

Naturvernforbundet sine frivillige finn ofte ballongar i fjæra når dei ryddar strendene.

– Vi må alle ta oss saman og ikkje bruke unødvendig mykje plast, konkluderer Lundberg.