Høgskulen fekk tidlegare i vår eit pusterom, då det vart klart at kunnskapsministeren førebels ikkje vil bruke tvang for å slå saman utdanningsinstitusjonar.
– Det er kort tid til utdanningskomiteen på Stortinget skal handsame strukturmeldinga. Det er viktig for oss å få gjennomslag for prinsippet om at samanslåing skal vere frivillig, seier rektor Løkeland etter å ha møtt stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane.
Trur rektoren har lite å frykte
Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant frå Venstre, er klar på at Venstre ikkje vil skuffe høgskulen.
– Frå Venstre si side har vi sagt frå til regjeringa at vi meiner dei må lytte til styra, og der dei ikkje ønskjer samanslåingar skal ein ikkje tvinge det på nokon. Vi er innstilte på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal få halde fram som sjølvstendig institusjon.
Høgre sin stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, partifelle av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som ivrar for samanslåingar, trur Løkeland og høgskulen har lite å frykte.
– Eg trur og håpar at den løysinga som ligg på bordet no blir liggande ei god stund framover. Eg trur det er i god løysing. Viss høgskulen utviklar eit godt og forpliktande samarbeid med universitet og andre høgskular, håpar eg høgskulen kan vere ei eiga eining i mange år framover, seier Lødemel.
– Tvangsfusjonar dårleg idé
Også Sveinung Rotevatn understrekar at høgskulen bør knyte seg tettare til andre institusjonar og samarbeid tettare, for å nå kvalitetskrava frå kunnskapsministeren. Rektoren er innstilt på dette.
– Vi meiner og at det må leggjast til rette for forpliktande samarbeid mellom institusjonar. Vi meiner det er klokt å leggje til rette for å jobbe tettare i lag, seier Løkeland.
Men då ho fekk tid med stortingspolitikarane frå fylket i går, var den viktigaste bodskapen valfridom i sektoren for høgare utdanning.
– Viss vi skal heve kvaliteten i den høgare utdanninga er tvangsfusjonar ein veldig dårleg idé. Prinsippet om frivillig samanslåing er det aller viktigaste no.