Hopp til innhold

– Fornufta har sigra - blir ikkje tvangsamanslåing av høgskulane

– Det var ei svært gledeleg nyheit å få på ein måndagsmorgon, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.

Rektor Åse Løkeland

KAN PUSTA LETTA UT – INNTIL VIDARE: HiSF-rektor Åse Løkeland har trassa Regjeringa sitt ønskje om fusjon.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Stortingsmeldinga kjem først om to veker, men allereie no avslører statssekretær Bjørn Haugstad (H) at regjeringa ikkje vil slå saman høgskular med tvang.

Dermed kan leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og andre høgskular som har motsett seg samanslåingar, pusta letta ut. Inntil vidare.

– Me kjem ikkje i denne stortingsmelding med konkrete forslag om at til dømes Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) skal slåast saman med andre institusjonar no, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet.

I Sogndal er ikkje Løkeland overraska over at regjeringa har kome til den konklusjonen dei har gjort.

– Nei, vi har jo sett at det er ein del motførestillingar mot tvangsfusjon, og no er det vel og slik at stortingsfleirtalet også er imot tvangssamanslåing.

Hardt press

Regjeringa har pressa hardt på for å slå dei mindre høgskulane saman til større einingar. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det vil gi betre forsking og utdanning. Høgre-statsråden har ikkje sett bort frå han vil bruka tvang for å få det som han vil.

Torbjørn Røe Isaksen

RIS BAK SPEGELEN: – Eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen om tvangssamanslåing, då han vitja HiSF 27. januar i år.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til, sa Røe Isaksen då han vitja HiSF 27. januar i år.

Trassa regjeringa

Høgskular som i Sogn og Fjordane, Hedmark og Østfold har ikkje bøygd av for dette presset, sjølv om det kunne enda med tvangssamanslåing.

Leiinga ved HiSF meiner åleinegang kan gi god forsking og utdanning, dersom høgskulen får til eit tett samarbeid med andre. Spenninga har difor vore stor for kva slags høgskulekart Regjeringa ville teikna i stortingsmeldinga, som blir lagd fram 27. mars.

Sjølv om det ikkje ligg fusjonsoverraskingar i meldinga, kjem Regjeringa til å lansera krav for kvalitet, som dei forventar at høgskulane skal innfri.

Fusjon seinare?

– Når me legg fram slike kriterium, ligg det i korta at me ønskjer å bruka dei saman med dei høgskulane som er i grenseland for om dei er robuste nok til å vera åleine, seier Haugstad

– Betyr det at dersom høgskulane ikkje innfrir desse kriteria for god forsking og utdanning, kan fusjon bli utfallet på eit seinare tidspunkt?

– Vel, me kjem nok ikkje til å la det vera heilt opp til høgskulane sjølve å vurdera om kriteria blir innfridde. Men det oppfølgingsarbeidet vil me skildra tydelegare i stortingsmeldinga, så det får me nesten venta med til ho kjem.

Stortinget skal handsama stortingsmeldinga i løpet av våren.