Hopp til innhold

Avviser at Havila er på jakt etter Fjord1

Reiar Per Sævik i Havila avviser at det er sjølvsagt at Havila kjem på bana dersom Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle bestemme seg for å selje Fjord1.

Per Sævik

IKKJE PLANAR: Reiar Per Sævik i Havila understrekar at dei ikkje har planar om å kjøpe opp Fjord1.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Firda hevdar torsdag at fylkespolitikarane er i ferd med å opne for sal av Fjord1.

Til Sunnmørsposten seier Sævik i Havila at dei ikkje står klare på kjøparsida, viss så skulle skje.

– Om Sogn og Fjordane fylkeskommune skulle bestemme seg for å selje seg ut av Fjord1, er det ikkje sikkert at Havila er ein aktør som kjem på bana, seier Sævik til avisa.

Han legg til at kjøpet av aksjeposten frå Møre og Romsdal fylkeskommune for nokre år sidan ikkje er ein av dei beste investeringane dei har gjort.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord1, medan Havilafjord AS eig dei resterande 41 prosent av selskapet.

Har store økonomiske utfordringar

Viss regjeringa får vedteke framlegget til ny inntektssystem for fylkeskommunane, vil Sogn og Fjordane fylkeskommune få 224 millionar mindre dei neste fem åra.

Administrasjon og fylkespolitikarar har no starta jakta på kvar dei 224 millionane kan sparast inn. I tillegg har fylkesrådmann Tore Eriksen påpeikt overfor politikarane at fylkeskommunen har store utfordringar, i tillegg til inntektssvikten frå staten.

Konsesjonskraftinntektene til Sogn og Fjordane fylkeskommune vart i eit arbeidsdokument nedjusterte med frå åtte til 13 millionar årleg i perioden 2015 til 2018.

Fjord1 gir for tida ikkje utbytte til fylkeskommunen. I arbeidsnotatet frå fylkesrådmannen er det som går på utbytte og realisering av verdiar, unnateke det offentlege.

Vil ikkje kommentere saka

Ingen politikar ønskjer å kommentere til NRK om eit sal av Fjord1 er aktuelt, men påpeikar at diskusjonane rundt budsjett kjem til å halde fram til fylkestinget i desember.

Tysdag sa fylkesrådmannen sjølv at:

– Det seier seg sjølv at dersom fylkeskommunen eig verdiar, og vel å realisere dei, så vil ein kunne få inn pengar, sa Eriksen, underforstått at dersom politikarane skulle ønskje å selje noko dei eig, er det opp til dei om dei ønskjer å gjere det. Viss så skulle skje, tilrår Eriksen at pengane vert brukte til å sanere gjeld.

Fylkesrådmannen er sterkt uroa over gjeldsgraden til Sogn og Fjordane. Ei rettleiande norm frå staten er at ein kommune si gjeld ikkje bør overstige 75 prosent av nivået på dei årlege inntektene.

Viss økonomiplanen til fylkeskommunen vert gjennomført, vil Sogn og Fjordane fylkeskommune passere 100 prosent, noko ein ikkje vil klare å handtere.