Hopp til innhold

Låge fangsttal fører til tidlegare laksefiskestopp

På grunn av lite fisk, stengjer Miljødirektoratet laksefisket i fleire vassdrag tidlegare enn planlagt.

Laks i Storelva i Arna

LAKSEN HOPPAR DÅRLEG: Låge fangsttal gjer at Miljødirektoratet stoppar laksefisket tidlegare enn varsla.

Foto: Tore Wiers

– Å stoppe fisket tidlegare enn varsla, er eit tiltak for å sikre nok gytefisk i elvene til hausten, seier Line Fjellvær, fungerande avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Totalt gjeld det 54 vassdrag i kommunane Askvoll, Balestrand, Flora, Førde, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Sogndal, Vik og Årdal. Her vert laksefisket stoppa den 17. august i staden for 31. august.

Store vassdrag som Lærdalselva, Nausta og Årøyelva er unnateke vedtaket.

Det er lite registrert fisk i elvene som gjer at Miljødirektoratet har gått til dette steget.

– Vedtaket er gjort på bakgrunn av fangsttal, teljingar og vurderingar frå lokalt hald, seier Sturla Brørs, seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Brørs seier at tala er betydeleg lågare enn dei burde ha vore.

– I Lærdalselva er fangsten ein fjerdedel av fangsten som ligg til grunn. Daleelva låg på cirka 50 prosent av fangsta, og i Nausta var det rundt 40 prosent. Dette er ganske låge tal, seier Brørs.

I rapporten til Miljødirektoratet står det at låge tal i Lærdalselva og Daleelva indikerer lågt innsig av fisk til Sognefjorden generelt sett. Det same gjeld for Nausta, som indikerer lågt innsig til Førdefjorden.

I elvane som er unnateke vedtaket er det gjort avtalar med Fylkesmannen.

– Der blir det gjort eigne tiltak dersom fangsttal tilseier at det er ein dårleg situasjon, seier Brørs.

Også Nærøydalselva, Daleelva (Høyanger), Mørkridselva, Sogndalselva, Vikja og Osenelva er unnateke vedtaket.