NRK Meny
Normal

Automatisering krev færre tilsette

Alle dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane kan få heilautomatiserte kontrolltårn.

Førde lufthamn Bringeland

MINDRE BEHOV FOR FOLK: Ved Førde lufthamn Bringeland vert det drive viktig opplæring av folk som kan jobbe i eit kontrolltårn.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

– Det vil i praksis bety at dei stillingane som er i tårnet blir flytta til eit tårnsenter ein eller annan plass i landet, så det vil bety noko for sysselsettinga lokalt, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn Bringeland.

Avinor skal innan kort tid heilautomatisere kontrolltårna på kortbaneflyplassane. Først på fem, sidan 15 og truleg også fleire flyplassar i landet. I praksis betyr det at tårna ved hjelp av avansert videoteknologi vil verte fjernstyrte frå ein annan stad i landet.

Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef - Førde lufhamn, Bringeland

IKKJE UROA: Lufthamnsjef ved Førde lufthamn Bringeland, Kjell Otto Gjesdal.

Foto: Avinor

– Vi vil helst ha arbeidsplassane her, men utviklinga går mot automatisering, seier Gjesdal.

Driv viktig opplæring

Alle dei fire flyplassane i fylket står på lista over aktuelle kandidatar. Kvart tårn har mellom tre og fem tilsette.

Førebels ikkje lufthamnsjefen uroa for at dei blir råka med det første.

– Eg trur kanskje ikkje vi er først i køen. Det er sagt at dei vil teste dette ut på flyplassar med enkelt trafikkbilete og på plassar dei har hatt utfordringar med rekruttering.

– Vi driv i tillegg opplæring av nye medarbeidarar til tårnet, så difor trur eg kanskje at vi kjem litt lenger ute i løypa. Men kva tid og om dette skjer har eg ikkje fått noko signal om.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.