Hopp til innhold

Åtvarar mot vinterstorm i Sør-Noreg

Kraftige vindkast, snø, regn og stengde fjellovergangar kan bli fasiten når uvêret kjem inn over Sør-Noreg tysdag føremiddag.

Vinterstorm i Sør-Noreg

VINTERSTORM: Kartet til @meteorologene syner at det er sendt ut gult farevarsel for store deler av Sør-Noreg.

Foto: @meteorologene

– I morgon er det ikkje sikkert at du kjem over fjellet mellom Austlandet og Vestlandet, seier statsmeteorolog Magni Svanevik til NRK.

Ho og kollegaene hennar kan melde om at eit skikkeleg grisevêr er på veg mot både kystområda og fjellområda i Sør-Noreg.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for Langfjella og kystområda heilt frå Nordmøre til Østfold med kraftig vind og nedbør.

– Vinden vil kome frå søraust og sør og det aukar på utover føremiddagen. Då er det opp i full storm på kysten og også mykje vind i fjellet, seier Svanevik.

Råkar både kyst og land

Uvêret vil etter kvart breie seg frå Vestlandet mot sentrale kyststrok i Agder, Telemark og rundt Oslofjorden. Men uveret vil også merkast godt i indre strok.

– Blir det like kraftig som vi trur, så kan det få konsekvensar for til dømes bryggeanlegg, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.

Statens vegvesen førebur seg også på at det kan bli tøffe forhold langs vegane, både i låglandet og i høgfjellet.

– Når det er meldt slikt vêr, er det langt frå utenkeleg at det kan bli kolonnekøyring eller stengde fjellovergangar. Vi må sjå det an i morgon, men det kjem mellom anna an på vindretninga på fjellet, seier trafikkoperatør Katrine Kvåle ved Vegtrafikksentralen på Vestlandet.

Vogntog fast på Vikafjellet

KØYRDE SEG FAST: Eit dansk vogntog utan kjettingar køyrde seg måndag kveld fast i Holesvingane på riksveg 13 opp mot Vikafjellet. Tysdag blir det verre føreforhold.

Foto: NRK-tipsar

Innstiller båtruter

Kraftig vind gjer at Norled må innstille nordgåande og sørgåande hurtigbåt mellom Selje og Bergen tysdag ettermiddag. Båten som skulle gått frå Bergen til Sogndal er framskunda til 12.30.

– Det er meldt like tøft, om ikkje tøffare vêr i morgon. Då er det naturleg at vi tar forholdsreglar og varslar om innstilte ruter i morgon, seier Bjørn Egil Søndenå i Norled.

Det dårlege vêret vil toppe seg utover tysdag kveld og natt til onsdag og meteorologane oppmodar no folk om å binde fast lause gjenstandar.

– Det blir kraftige vindkast, slår statsmeteorolog Magni Svanevik fast.

Stengde vegar

Også i Finnmark er det uver, og fleire vegar er stengde eller har kolonnekøyring tysdag morgon.

Stengde strekningar

  • E6 Hatter
  • E69 og fylkesvegane i Porsanger og på Magerøya, med unntak av strekninga Skarsvåg-Nordkapp som har kolonnekøyring
  • Fv 98 Børselv-Kunes og Ifjordfjellet
  • Fv 888 Bekkarfjord-Skjånes, og mellom Hopseidet og Skjånes, og fv 894 Mehamnelv bru-Kjøllefjord
  • Fv 890 Kongsfjordfjellet og 891 Båtsfjordfjellet

Kolonnekøyring

  • Det er kolonnekøyring på strekninga Snefjord-Havøysund, og mellom Mehamn og Gamvik. Her kan vegen bli heilt stengd på kort varsel