Hopp til innhold

Stenger E16 natt til onsdag på grunn av rasfare

GUDVANGEN (NRK): Det gjekk ras fleire stader på E16 mellom Voss og Gudvangen måndag morgon. Frå tysdag kveld blir vegen nattestengd grunna rasfare.

Steinar som rasa ut på E16 mellom Voss og Gudvganen

STENGJER VEGEN: Bilete viser to steinar som har treft E16 mellom Gudvangen og Voss. Rasfaren skal vurderast klokka 11.00.

Foto: Arne Veum

Det var like før klokka 07.30 at politiet fekk melding om at det var gått fleire steinras på E16 gjennom Nærøydalen.

– Tre større blokker kom ned på vegen, men mykje la seg oppe i terrenget. I utgangspunktet var det eit stort ras, fortel Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Steinane har rasa frå oppsida av vegen ved Hemre, to kilometer frå Gudvangen sentrum.

– Det er ein stor stein på storleik med ein personbil, fortalde trafikkoperatør Ove Amundsen hjå Vegtrafikksentralen måndag morgon.

Politiet meldte tidleg at ingen personar vart råka av rasa.

Ras i Gudvangen 9.desember 2019.

RASET: Fjellsida der raset har gått mellom Hemre og Gudvangen i Nærøydalen.

Foto: Jens Tveit / Statens vegvesen

Blir nattestengd grunna rasfare

Like etter klokka 13.00 opna E16 igjen, etter at geolog hadde vurdert rasfaren med helikopter.

Men E16 mellom Gudvangen og Voss blir nattestengd frå tysdag kveld til onsdag morgon, opplyser Vegtrafikksentralen til NRK måndag ettermiddag.

Årsaka er rasfare og store nedbørsmengder. Vegen blir difor heilt stengd frå klokka 22.00 tysdag til 06.00 onsdag morgon.

– Det er meldt veldig mykje regn i morgon, fortel Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Geolog sjekka fjellsida i helikopter

UNDERSØKTE: Geolog undersøkte fjellsida over raset med helikopter rundt halv ti i dag.

Foto: Arne Veum

Må køyre om

E16 gjennom Nærøydalen var stengd i over fem timar måndag morgon, og omkøyringsvegane var lange.

Det blir dei også natt til onsdag. Sidan vegen blir nattestengd, må dei som skal mellom aust og vest velje andre fjellovergangar om natta.