Hopp til innhold

Slikt som dette vil UP ha slutt på

Politiet åtvarar no mot at folk i stadig fiklar med mobiltelefonen sin medan dei køyrer bil.

Mobilbruk i bil

TASTE, TASTE: Slikt som dette til UP ha slutt på. Har du eit veldig tastebehov, så sving ut til sida.

Foto: Jean-Francois FREY / PHOTOPQR/L'ALSACE

– Denne oppførselen må vi få bukt med. Det er skremmande å sjå, det må eg seie, seier fungerande distriktsleiar i UP på Vestlandet og del av UP-patruljen i Nordfjord, Elling Krogen.

Dagleg ser politiet bilistar som nyttar mobiltelefon, ikkje berre til å ringje med, men til å sende SMS, MMS, og kanskje også oppdatere nettet medan dei køyrer.

– Vi ser det omtrent kvar einaste dag. All fokus vert knytt til mobiltelefonen i staden for trafikkbiletet. Det skal ikkje meir enn brøkdelen av eit sekund til før du har køyrt på nokon, skadd dei for livet eller i verste fall teke livet av dei, seier Krogen.

Utset andre for fare

Han likar dårleg at folk ser ut til å ta med seg same åtferdsmønster som dei har med mobiltelefonen sin, også bak rattet.

For trass i mykje kontrollar ser karane i UP-patruljen godt kor skoen trykkjer.

– Det er høg fart, rus, manglande bilbelte og mobilbruk som går att. Her gjer ein ting som utset andre bilistar for fare, og det må vi få vekk, seier Krogen.

UP-patrulje - Elling Krogen

TENK TRYGGLEIK: - Å sjå at talet på ulykker og talet på skadde og drepne går ned, er grunnen til at vi er på vegen og gjer den jobben vi gjer, seier Elling Krogen i UP-patruljen i Nordfjord.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Lova er klar på at ein ikkje har lov til å snakke i handhalden mobil medan ein køyrer bil. Men det er ikkje mindre alvorleg å sende tekstmeldingar og anna ein kan nytte mobiltelefonen til.

– Her må folk tenkje seg om, seier Krogen.

Kva skal du bruke tida på?

Sommarferien er godt i gang og trafikken på vegane i heile landet er aukande. Sjølv om mange har ferie, skulle ein slett ikkje tru det når dei vert stoppa i kontroll.

– Ein skulle kanskje tru at folk hadde betre tid når dei har ferie, men dei har det framleis travelt, seier Krogen.

Folk trur kanskje at dei sparar uhorveleg med tid på å suse gjennom ei 50-sone i 66 km/t.

– Sei at 50-sona varer halvannan kilometer. Då sparar du 26 sekund på å køyre 15 kilometer over fartsgrensa. Du risikerer å køyre på nokon, får 4.200 kroner i bot i tillegg til tre prikkar i førarkortet. Eg pleier å spørje dei kva dei har tenkt å bruke dei 26 sekunda dei sparar på det på, seier Krogen.

Han peikar på at det er ein grunn til at det er 50-sone på ein stad.

Seinast i dag stoppa UP-patruljen i Nordfjord 20 personar som køyrde for fort i 50-sona. 18 av dei fekk forenkla førelegg, og av desse vart høgste fart målt til 72 km/t. I tillegg mista to bilistar førarkortet då dei vart målte til 76 og 80 kilometer i timen i 50-sona.

Likevel ser han det som positivt at åtferda i trafikken til no i år ikkje ser ut til å vere verre enn i fjor eller året før.

Talet på førarkortbeslag har gått ned

Ser ein på talet på førarkortbeslag i Nordfjord, er talet fram til no i år noko lågare enn i fjor.

– I år har vi hatt 18–20 beslag, medan vi førre år hadde rundt 30. Det er positivt, seier Krogen.

I år har det vore ein klar nedgang i talet på utanlandske førarar som vert stogga for for høg fart.

– Om det skuldast at dei er vorte flinkare til å halde fartsgrensene eller at dei er færre, torer eg ikkje seie. Men talet på kontrollar er på det jamne, seier Krogen.

For Sunnfjord har han ikkje samanliknbare tal, då patruljen vart flytta frå Sogn, og ein har såleis ikkje tal frå i fjor å samanlikne med.

– Vi ser at det vert gjort ganske mange skriftlege reaksjonar både på fart, rus, mobilbruk og manglande bruk av belte. Det syner seg at lokaliseringa av patruljen er på sin plass, seier Krogen.

Dette gjer du når du er først på staden

Denne veka var det full utrykking frå alle naudetatar då politi og AMK fekk melding om eit vogntog som hadde kvelva ved E39 like nord for Skei.

Etter lengre tids leiting måtte naudetatane konkludere med at vogntoget det var snakk om, var eit vogntog som hadde kvelva førre tysdag, og som framleis låg på staden i påvente av bilberging.

Denne utrykkinga kunne vore unngått hadde den som ringde inn hadde stoppa og sjekka køyretøyet, noko ein er pliktig til etter Vegtrafikklova.

Krogen finn det passande å minne om at kvar og ein som ferdast i trafikken har eit soleklart ansvar dersom han kjem til ein ulykkesstad.

– Ein er pliktig til å stoppe og straks hjelpe personar eller dyr som er skadde. Denne plikt har også andre som er i nærleiken eller som kjem til staden, seier Krogen.

Han understrekar at det ikkje er nok å køyre hastig forbi og ringje politiet i etterkant.

– Ein må stoppe og sjekke ut det som kan verke som ei trafikkulykke. Ein skal sjekke ut om det er folk eller dyr som er komme til skadde og skaffe hjelp til desse. Ein må aldri køyre forbi og tru noko, seier Krogen.