Hopp til innhold

Fleire har blitt millionærar – utan å vite om det

Er du blitt ringt opp av telefonnummeret 625 60 000? Då ventar ei ekstra stor julegåve på deg.

Lotto

RINGER VINNARANE: Norsk Tipping prøver å få tak i fleire personar som blei millionærar i går.

Foto: Sverre Houmb / Morsk Tipping

I går vart nemleg over 40 personar millionærar her i landet, men åtte av dei var dei er ikkje klar over det.

Den største premien er på nesten ti millionar kroner ventar ein heldig vinnar i Rogaland.

Men Norsk Tipping har ikkje fått tak i henne, og fleire andre nybakte millionærar.

– Blir du ringt opp av 625 60 000, då er det gode nyhende i vente, seier Lars Hulleberg i Norsk Tipping.

– Det var åtte personar vi ikkje fekk tak i i går. Ei kvinne frå Rogaland vann 9,7 millionar kroner i Lotto og sju andre vann éin million kroner kvar, fortel han.

No har Norsk Tipping lukkast med å få tak i fem av dei åtte.

Tre frå Sogn og Fjordane

Tre av dei 42 som vann i Supertrekningen er frå Sogn og Fjordane. Ein mann frå Sogndal og ei kvinne frå Florø var blant dei to Norsk Tipping ikkje fekk tak i i går. Men i føremiddag har dei fått tak i kvinna frå Florø.

– Eg hadde telefonen på lydlaus i går. Seint fekk eg sjekka at det var Norsk Tipping som hadde ringt. Eg har ikkje sove i natt, sa kvinna då telefonen frå Hamar kom.

No har også Norsk Tipping lukkast med å få tak i mannen frå Sogndal.

Supertrekninga skjer fire gonger i året. Då er alle Lotto-rekkene som er levert sidan førre gong med i trekninga. Alle som har spelt Lotto i haust, var difor med i trekninga i går kveld, fortel Hulleberg.

– Slit med å tru på det

Den spesielle trekninga gjer at det kan vere vanskeleg å få folk til å tru på at dei har vunne, fortel han.

– For det første slit med folk med å tru på oss. Supertrekninga er litt spesiell for der vinn du utan å ha eit einaste Lotto-tal rett, då er det ingen måte å sjekke det på.

– Då må vi overtyde dei litt, men når dei først trur på oss er det klart at det er tidenes julegåve å få to dagar før jul, ler han.

No er dei gang med jobben med å få tak i dei attverande vinnarane.