Hopp til innhold

Taper milliardsummar på at utanlandske transportørar ikkje betaler moms

Det er svært positiv at Ap og Sp vil ta tak i problemet med utanlandske transportørar som køyrer i Norge utan å betale moms. Det seier Rolf Olav Tenden, som er fylkesleiar i Norsk Lastebileigarforbund (NLF).

Trailer

MÅ BETALE MOMS: Ap og Sp vil at utanlandske tranportørar skal betale moms i Norge

Foto: Rainer Prang / NRK

– Vi er glad for at dei purrar på samferdsleministeren om dette. Vi i transportnæringa har hatt stort trykk på få gjort noko med den transporten som går føre seg i Norge av utanlandske transportørar, men som ingen har kontroll med.

I ei pressmelding tar Arbeidarpartiet og Senterpartiet no til orde for ei omfattande kartlegging av såkalla kabotasjekøyring. Kabotasje vil seie at utanlandske transportørar tar innanriks oppdrag i Norge.

Per Olaf Lundteigen

VIL HA OPPRYDDING: Per Olaf Lundteigen (Sp)

Foto: John Greiner Olsen

– Regjeringa må rydde opp i slik at utanlandske transportelskap må betale moms. Sidan regjeringa ikkje har gjort jobben må Stortinget ta stilling til om denne "statsgodkjende" momsundragelsen skal få halde fram, seier Per Olaf Lundteigen (Sp)

Taper milliardar

Ap Sp vil og ha ei intensivering av kontrollane for å hindre skatteundragelsar og peikar på at staten kvart år taper milliardar på at utanlandske transportørar med oppdrag i Norge ikkje betaler moms.

Sverre Myrli

VIL STOPPE USERIØSE AKTØRAR: Sverre Myrli (Ap).

Foto: Arbeiderpartiet

–Dessverre ser vi at ei rekke useriøse utanlandske aktørar innan gods- og persontransport lar vere å betale meirverdiavgift. Dette er øydeleggande for konkurransevilkåra i transportnæringa, seier Sverre Myrli (Ap).

– Bra, men ikkje nok

Rolf Olav Tenden

GLAD FOR NYTT INITIATIV: Rolv Olav Tenden er fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund.

Foto: Birger Meland / NRK

Tenden er glad for forslaget frå Ap og Sp, men trur ikkje det er nok til å få bukt med problemet.'

– Nei, eg trur ikkje det er nok. NLF har sagt at vil ha eit eige tilsyn etter mal av Biltilsynet som har spesialkompetanse på slik trafikk.

Han seier kabotasjekøyringa er svært vanskeleg å kartlegge.

– Det er mange som køyrer ulovleg i Norge, og som ikkje har papir med seg når dei blir kontrollerte. Å følge opp dette i Norge er vanskeleg, sidan vi har noko datasystem som gjer det.