Det er eit svensk forskingsprosjekt som no blir utvida til å gjelde heile Skandinavia. I sommar viste denne registreringa i Sverige at det var 2200 sannsynlege brot på kabotasjereglane. Her i Norge startar registreringa 1. oktober.
Rolf Olav Tenden seier han er glad for at det no blir teke tak i dette problemet.
– No ser arbeidsgjevarorganisasjonane at arbeidsplassane forsvinn mellom fingrane på dei. Det at arbeidsgjevarar og arbeidstakarar no kan jobbe saman om dette synest vi er veldig positivt.
– Har ikkje kontroll
Han har lenge sett på at utanlandske transportørar har teke over meir og meir køyring i Norge, og dei kontrollane som har vore tyder på at mange spekulerer i at dei ikkje blir tekne når dei køyrer ulovleg.
– Køyrer du på stamvegane i dag blir du nesten overraska over kor stor del utanlandske trailerar du møter. Det berre aukar på, styresmaktene har ikkje kontroll, og vi som lastebileigarar i Norge ser at det berre smuldrar ut mellom fingrane våre.
STADIG FLEIRE: Talet på utanlandske semitrailerar og vogntog på norske vegar aukar. Den tekniske standarden er ofte dårleg, her manglar det eit hjul.
Foto: Steinar Lote / NRK– All ros til Statens vegvesen
Internsivert kontrollaktivitet mellom anna på Håbakken i Lærdal gjer at stadig fleire utanlandske sjåførar blir tekne for brot på kabotasjereglane, og det er Tenden glad for.
– Eg trur at rykte om denne bøtelegginga vil spreie seg i det utanlandske transportmiljøet, slik at dei blir litt meir forsiktige. All ros til Statens vegvesen, som tek tak i det.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Lastar ned app
LAST NED APPEN! Forbundssekretær Geir Kvam i Norsk Transportarbeiderforbund.
Foto: Norsk TransportarbeiderforbundReglane er slik at dei utanlandske vogntoga og semitrailerane berre kan ha tre oppdrag i ei veke i Norge, og så må dei ut av landet. No håpar Rolf Olav Tenden at den svenske studien saman med hyppigare kontrollar kan få utlendingane til å etterleve reglane.
Det er forskarar ved Universitetet i Lund i Sverige som utfører arbeidet. Norske lastebilsjåførar og privatpersonar kan frå 1. oktober laste ned ein app til mobilen sin og vere med på å registrere bilskilta på dei utanlandske bilane.
I Norge er Norges Lastebileigarforbund, Norsk Transportarbeidarforbund, Yrkestransportforbundet, Norges Bilbransjeforbund og Bilimportørernes Landsforening med på spleiselaget.
Forbundssekretær Geir Kvam i Norsk Transportarbeiderforening oppmodar alle medlemmene til å laste ned appen og delta i studien.
– Det er viktig at vi får inn så mange observasjonar som mogeleg, slik at vi har eit best mogeleg faktagrunnlag. Her kan sjåførane hjelpe til i kampen mot kabotasje, seier Kvam til nettsida til Norsk Transportarbeiderforbund.