– Vi har visst ei stund at det kom, og i dag har vi fått lagt fram dei konkrete planane. Det er ein gledas dag, seier ordførar, Jan Geir Solheim.
Lærdal er inne i sitt tredje år som omstillingskommune etter at kring 200 statlege arbeidsplassar forsvann på få år. Opplysningen 1881 la ned si avdeling med 55 tilsette og talet på tilsette ved Lærdal sjukehus har også blitt redusert.
Nytt liv i tomme lokale med internasjonalt arbeid
Dei seks nye arbeidsplassane som kjem til Lærdal skal ha som ansvar å skrive ut løyve til transportselskap. Alle som driv godstransport må ha løyve, og frå 1. januar 2015 kjem desse løyva frå Lærdal. Dette arbeidet har tidlegare vore eit fylkeskommunalt ansvar, men er no overført til vegstyresmaktene.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
At det no blir ny aktivitet i bygget der Opplysningen 1881 hadde kontor ser ordføraren fram til.
NYTT LIV: Frå 1. januar 2015 blir det igjen statlege arbeidsplassar i dei gamle lokala til 1881 i Lærdal. Då startar Statens vegvesen opp eit eige kontor med seks tilsette i bygget.
Foto: Rune Bolstad– Vi fekk klare signal i dag om at det kjem fleire arbeidsplassar også, men veit ikkje kor mange. Dette blir også ein internasjonal arbeidsplass, der det er behov for ulik kompetanse innan juss, økonomi og språk, seier ordføraren optimistisk.
For det nye kontoret skal også ha ansvar for å følgje opp eit europeisk regelverk for transportselskap, som skal sikre at utanlandske firma driv lovleg og i tråd med kabotasjereglane.
Reglane er slik at dei utanlandske vogntoga og semitrailerane berre kan ha tre oppdrag i ei veke i Norge, og så må dei ut av landet.
- LES OGSÅ:
– Brot på desse reglane skal rapporterast inn, og gjerast kjent for alle land i Europa. Den oversikta skal dei mellom anna sitje med i Lærdal, seier vegsjef Terje Moe Gustavsen, som hadde teke turen til Lærdal for å legge fram nyhenda.
Satsar på lokale arbeidsplassar
Han var klar på at etter kvart som regelverket frå EU blir klart, så vil det kome fleire arbeidsplassar i kommunen.
– Det blir nok fleire, men kor mange og kor tid dei kjem kan vi ikkje seie noko om i dag, men det er ein god start med seks arbeidsplassar no, seier Gustavsen.
- LES OGSÅ:
Vegsjefen fortel at det for dei var naturleg å sjå etter kontorlokale i distrikta.
– Lærdal er ein stad vi har tru på at vi får tak i god arbeidskraft og det er god tilgang på eigna lokale. I sum meiner vi i Vegvesenet at vi får mykje ut av å leggje ting ulike stader i landet.
I dag har dei verksemd i 200 av landets kommunar. Vegvesenet med Gustavsen i spissen ser fram til å starte opp i Lærdal, og jakta på dei gode hovuda med riktig kompetanse startar no.
– Vi treng eit breitt spekter av kompetanse, og det blir gode, trygge og varige arbeidsplassar, lovar han.