Hopp til innhold

Ap-leiar på sjarmørrunde i vest

Det var ikkje berre utdeling av raude roser som stod på planen, då Jonas Gahr Støre tok turen vestover.

Jonas Gahr Støre på sjarmøtur til Vestlandet

SJÅ VIDEO: Sjå video frå då raudrussen fekk helsing frå Jonas Gahr Støre.

Raudrussen Silje Victoria G. Vallestad nøydde seg ikkje med ei rose frå statsministerkandidaten. Ho ville gjerne ha autografen.

– Han blir jo statsminister, så eg tenkte at russebuksa måtte få eit preg av det.

Støre tok tak i tusjen og skreiv «Heia Silje og Ap» på buksebeinet til Vallestad som er med i AUF. Raudrussen er sikker på at det er autografen til ein komande statsminister som no pryder den raude russebuksa.

– Det var kult. Eg har sett han før, men det er alltid like stas, seier ho.

Russ

SVART PÅ RAUDT: På russebuksa til Silje Victoria G. Vallestad står det «Jonas. Heia Silje og Ap».

Foto: BRIT JORUNN SVANES / NRK

Slår eit slag for helsesøstrene

Ap-leiaren snakka med fleire ungdomar denne dagen. Blant anna var han på Hafstad vidaregåande skule i Førde for å snakke om skulehelsetenesta.

Der møtte Støre helsesøstrer frå to ulike skular, rektor og elevar. Den tidlegare helseministeren er opptatt av gode tenester for born og unge.

– Skulehelsetenesta kan sjå unge menneske tidleg og hjelpe desse med psykiske og fysiske vanskar.

Han fekk høyre om kvardagen til helsesøstrene, og at tida ikkje alltid strekk til.

– Skulehelsetenesta er noko av det viktigaste for folkehelsa. Det er noko vi vil styrke med midlar til kommunane.

Jonas

MØTTE ELEVAR: På Hafstad vidaregåande skule i Førde møtte Jonas Gahr Støre helsesøstrer, elevar og rektor.

Foto: WILHELM STØYLEN / NRK

Heller sjakk enn godteri-spel

Ap-leiaren var på valkampbesøk i eit fylke der over 60 prosent vil røyste raudgrønt til hausten. Spesielt Senterpartiet flyg himmelhøgt.

– Senterpartiet og Arbeidarpartiet er ikkje motstandarar. Vi er einige om det viktigaste. Det er at Høgre og Frp må gå, seier Støre.

Statsministerkandidaten må no må overtyde veljarane til å stemme for eit regjeringsskifte til hausten. Sjølv stemte han Høgre ved sitt første stortingsval. Endring i politisk ståstad kom først eit stykke ut i livet.

– 35 år gamal melde eg meg inn i Ap. Det var tanken på kva slags samfunn borna mine skulle vekse opp i som gjorde det.

Valkampturnè kan vere travelt. Statsministerkandidaten var innom både Førde og Florø, då gjer han gjesta Sunnfjord før helga. Sommaren vert hektisk for Støre, og når han først skal slappe av er det ikkje spelet «Candy Crush» det går i.

– Eg er god til å sove når eg kan, og det siste halvåret har eg byrja å spele sjakk på nett. Det er avslappande.

Jonas Gahr Støre deler ut roser

BÅDE I FØRDE OG FLORØ: Jonas Gahr Støre brukte fredagen i både Førde og Florø. I kystbyen var han med på rydding av plast ute i naturen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK