Hopp til innhold

Sp flyg himmelhøgt i trivselsfylket

Aldri har Senterpartiet blitt målt så høgt på ei Sentio-måling. 33,5 prosent er ny rekord både nasjonalt og lokalt.

Laster innhold, vennligst vent..

  • Sentio har aldri målt Sp så høgt. Nokon gong. Nokon stad.
  • Sp ligg an til å ta to av fire stortingsmandat.
  • Sp stel veljarar frå alle andre parti.
  • Høgre har det kraftigaste fallet, og blir nesten halvert.
  • SV er nærmast utradert.

Sentio Research har gjennomført meiningsmåling for NRK Sogn og Fjordane, Fjordenes Tidende, Fjordabladet og Fjordingen. 600 personar er intervjua 24. – 30. april. Resultata har ein feilmargin på +/- 4 prosent.

Sentio: – Aldri sett noko liknande!

Arve Østgaard

ELLEVILT: Seniorrådgjevar Arve Østgaard i Sentio Research seier dei aldri har målt Senterpartiet så høgt.

Foto: Pressebilete

Seniorrådgjevar Arve Østgaard var med og stifta Sentio Research i 1997. I alle sine tiår i bransjen har han aldri sett liknande tal for Senterpartiet.

– Det er heilt ekstremt. Vi har målt Senterpartiet sidan oktober 1997, og aldri har vi målt partiet så høgt. Verken nasjonalt eller lokalt.

– Vi hadde ei måling i Hedmark midt under ulvesaka. Då fekk dei rekordhøge 29,5. Men her i Sogn og Fjordane blir det altså 33,5 prosent. Det er svært dramatisk og oppsiktsvekkande!

Senterpartiet hentar halvparten av sine veljarar frå andre stadar. Anten andre parti, eller tidlegare sofaveljarar.

– Dei stel grovt med veljarar frå alle andre parti, bortsett frå Raudt. Det er elleville tilstandar!

Liv Signe Navarsete

WOW: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) blir nærmast mållaus over å høyre tala.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Sp: – Helledussen! (33,5 % +12,9)

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) er vilt begeistra.

– Wow! Ho! Hahaha! Det var jo... Helledussen!

Sp-dronninga gisper og ler når ho får vite om rekordmålinga i heimfylket.

– Ja, klart er eg overraska. Men på den andre sida, når vi ser korleis Sogn og Fjordane kjem ut med dagens sentraliseringspolitikk og tapping av makt, så merkar folk det.

– Kommunereform, regionreform, politireform, Sivilforsvaret, tingrettar, jordskifterettar. Det er ikkje eit einaste område der det ikkje er sentraliseringar som råkar fylket hardt. For vi mister arbeidsplassar, og vi mister makt.

Sveinung Rotevatn

HÅPAR PÅ MEIR: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn(V) håpar Venstre skal løfte seg.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Venstre: – Eit godt utgangspunkt (5 % -1,3)

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) meiner det trass alt kunne vore verre.

– Dette er eit greitt utgangspunkt for valkampen vi skal inn i. Det er høgare enn alle dei andre målingane i fylket den siste tida. Kanskje er det eit teikn på at vi har begynt mobiliseringa. Det må vi om skal få fornya tillit.

– Vi gjorde eit godt val sist med 6 prosent, og vart det nest beste Venstre-fylket i landet. Eg har ambisjonar om at vi skal greie minst det, og helst enno betre.

Han vedgår at veljarane gjerne kjenner på ei uro knytt til dei ulike reformene som går føre seg.

– Sp har profilert seg veldig sterkt på å vere mot... eigentleg alt! Det hentar dei kanskje ein veljarvinst av. Men eg trur at når vi kjem til valet vil veljarane sjå på alternativet, og meine at det er klokt å gjere nokre reformer for å møte nye utfordringar. Då er Sp eit dårleg val.

Meiningsmålingar i Sogn og Fjordane - stortingsrepresentantar

Ap: Gler seg – på Senterpartiets vegner (27,4 % -0,7)

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) jublar; for Senterpartiet!

– Det er greitt å konstatere at vi er i løypa. Vi er omtrent der vi var ved førre val.

Det seier ho om sin eigen oppslutnad. Men det er samarbeidspartnaren Sp som imponerer mest.

Overraska Ingrid Heggø på talarstol

GRATULERER: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) er mest imponert over Senterpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er berre å gratulere! Det er flott at eit samarbeidsparti kjem høgt på målingane, seier ho entusiastisk.

– Sjølv om dei er større enn dykk?

– Ja, for dei er på rett side. Og saman tek vi Sogn og Fjordane. Det synest eg er flott.

– Kva synest du om at Høgre nesten blir halvert?

– Det synest eg er flott, seier ho og ler.

– Grunnen er at eg meiner dei faktisk ikkje har tatt vare på fylket vårt. Eg har brukt fire år på å kjempe for å behalde ting i fylket, i staden for å kjempe for å få nye ting hit. Det har vore ein sentraliseringsiver utan sidestykke. At folk i fylket straffar dei, skjønnar eg godt.

Frida Melvær

MÅ JOBBE: Stortingskandidat Frida Melvær (H) seier dei må jobbe hardare med å formidle Høgre-politikk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Høgre: – Dette er for dårleg (11,3 % -7,7)

Stortingskandidat Frida Melvær (H) meiner dei må gjere ein betre jobb.

– Her har vi ein jobb å gjere. Dette er for dårleg. Vi må meir ut i fylket og formidle god Høgre-politikk.

– Sp er størst, veks mest, og tek veljarar frå alle andre. Kvifor?

– Eg trur det er knytt uvisse til dei mange reformene. Folk er litt utrygge, og veit ikkje heilt korleis det vil bli. Men det er mykje som går bra i fylket. Og det gler i all fall eg meg over.

– Må du no sjå langt etter ein stortingsplass?

– Du kan vere heilt sikker på at eg ikkje har gjeve opp kampen om stortingsplass. Men dette er ei klar påminning om at vi må ut og formidle kva politikk vi står for.

Vil heller ha raud enn blå regjering

Laster innhold, vennligst vent..

Folk i fylket er også spurt kva parti dei helst kunne tenkje seg å ha i regjering. Nesten halvparten svarar at dei er usikre. Men blant dei som har gjort seg opp ei meining, er raudt og grønt meir populært enn blått.

Totalt 37 prosent vil ha ei regjering med Arbeidarpartiet, og diverse andre.

Totalt 15 prosent vil ha ei regjering med Høgre, og diverse andre.

Stadfestar ein trend

Amedia-avisene, Firda, Firdaposten og Sogn Avis fekk nyleg ei meiningsmåling gjennomført av InFact som viser nokre av dei same tendensane.

Det same skjer i denne målinga Respons gjorde for Bergens Tidende.

Steinar Ness, Liv Signe Navarsete

TO PÅ TINGET: Med dagens måling blir Steinar Ness og Liv Signe Navarsete to av fire stortingsrepresentantar frå fylket.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK