NRK Meny
Normal

Ap-leiar opprørt over Høgre-ordbruk

– Eg registrerer at ein ordførar frå Høgre alt har gitt opp kampen for Sogn og Fjordane som eige politidistrikt, og det til og med i regjering.

Hilmar Høl

BER HØGRE TA ANSVAR; Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Bengt Solheim-Olsen

BLÅSTE UT MOT Ap: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen på talarstolen under Sogn og Fjordane Høgre sitt fylkesårsmøte.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det seier fylkesleiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Han reagerer på at Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) sin ordbruk frå talarstolen til Sogn og Fjordane Høgre sitt årsmøte i helga:

«Vi må sørge for at distriktspartiet Høgre stoppar den elendige og arrogante prosessen Arbeidarpartiet og DSB sette i gang, sa Høgre-ordføraren.»

– Det er ein kritikk som fell på steingrunn, meiner Høl.

Ingen politidistrikt-protest frå Høgre-årsmøtet

Ein skuffa Solheim-Olsen har langt på veg forsona seg med at Sogn og Fjordane politidistrikt blir historie, og hamnar under Hordaland. Men han håpar å kunne berge Alarmsentralen som også ligg i Florø, og at ein sikrar politihuset i byen flest mogleg oppgåver.

AMK, luftambulansen og ambulansetenesta kjem heilt tett på kvarandre i dei nye lokala.

TIL BERGEN? Den nye AMK-sentralen ved Førde sentralsjukehus kan i framtida bli samlokalisert med politiet i Bergen.

Foto: Stein Jarle Aase
Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

TIL BERGEN? Alarmsentralen i Florø, som i dag svarar naudtelefonar for brann er føreslått lagt ned.

Foto: Silje Guddal / NRK
Operasjonssentralen i Florø

TIL BERGEN: Politiet sin operasjonssentral i Florø blir truleg lagt ned når regjeringa og Venstre er samde om politireforma.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høgre-årsmøtet vedtok ingen protestuttale mot sjølve nedlegginga av politidistriktet, men vedtok ein uttale der dei krev at så mange politifunksjonar som mogleg blir lagt til Florø:

«Sogn og Fjordane Høgre ønska i utgangspunktet å vidareutvikle fylkesmodellen. Når det ikkje har vore mogeleg, meiner ein at det er rett at ein går saman med Hordaland politidistrikt.», heiter det i resolusjonen.

Etterlyser jobbing for Sogn og Fjordane

I Ap oppfattar Høl at Høgre fråskyv seg ansvar.

– Det er rett at det var Arbeidarpartiet som starta arbeidet med politireforma, men er det slik at det er Arbeidarpartiet som legg den fram? Det er typisk Høgre-furting om kva som har skjedd i fortid, mens dei sjølve er partiet som innfører det, hevdar Høl og viser til at det var Høgre-regjeringa som sist veke skisserte det nye politi-kartet.

Reforma legg også opp til at dei akuttmedisinske kommunikasjonssentralane (AMK) på sikt skal samlokaliserast hos politiet. I dag ligg ein splitter ny AMK-sentral ved Førde sentralsjukehus. Den kan altså hamne på politihuset i Bergen.

– Vi legg oss flate for at det var Arbeidarpartiet som starta arbeidet med politireforma. Men det vil ikkje seie at ikkje Høgre og regjeringa, og ikkje minst Høgre sine representantar i fylket vårt kan gjere ein jobb opp mot dei endringane som no er så openberre for Sogn og Fjordane. Ein kan ikkje skulde på Arbeidarpartiet, når ein sjølv innfører det på dei premissane som dei no gjer.

Garanterer at Oslo skal få beskjed

– Beklagar du at Arbeidarpartiet sette prosessen i gang?

– Nei, det gjer eg ikkje. Dette har vore ei politisk sak lenge. Viss vår regjering hadde lagt det fram, så hadde vi frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti protestert. Høgre vel å vere lojale til alt som blir lagt fram. Dei gir ikkje tilkjenne noko form for usemje med si eiga regjering.

– Er du sikker på at ditt parti vil gå imot politireforma når saka kjem i Stortinget?

– Det er desse prosessane vi også må ta, men vi kjem til å gi klart uttrykk for kva vi meiner. Dei som sit i Oslo vil heilt klart få vite kva Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner, seier Høl. I alle politiske saker vi har hatt sidan regjeringa kom i 2013, så har distrikts-Høgre slutta å fungere. Vi har 19 reformer på gang for Sogn og Fjordane. Ingen av dei er det noko positivt utgang på. Det er dei som sit med handa på rattet, seier fylkesleiaren i Ap.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.