– Vi må sørge for at distriktspartiet Høgre stoppar den elendige og arrogante prosessen Arbeidarpartiet og DSB sette i gang.
Slik tora Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen på talarstolen til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre i helga. Han sikta særleg til at Alarmsentralen, med 110-naudnummeret for brann, kan gå med i dragsuget når Sogn og Fjordane politidistrikt snart er historie.
Høgre- og Frp-regjeringa bestemte seg i førre veke for å legge ned Sogn og Fjordane politidistrikt og slå politiet i Sogn og Fjordane saman med Hordaland i eit nytt politidistrikt Vest. På landsplan skal 27 politidistrikt bli til 12.
- Les også:
Vil sikre oppgåver i Florø
– Det irriterer meg ganske mykje at Sogn og Fjordane ikkje kan bestå som eige politidistrikt, sa ein skuffa Solheim-Olsen.
Flora-ordføraren lova at kampen for politiet i Sogn og Fjordane på langt nær er over, men ein innser at slaget om sjølve politidistriktet tapt for lokalpolitikarane.
Sogn og Fjordane Høgre vil no prøve å gi politistasjonen i Florø nye oppgåver etter samanslåinga av politidistriktet.
– Regjeringa opnar for at mange spesialfunksjonar, til dømes kriminalteknikk, etterforsking av seksuelle overgrep, økonomietterforsking, spesielle beredskapsoppgåver og liknande kan plasserast andre stader enn der politimeisteren sit, påpeikte Solheim-Olsen.
(Artikkelen held fram under biletet.)
BLIR EIN DEL AV HORDALAND: Sogn og Fjordane politidistrikt blir slått saman med Hordaland politidistrikt, truleg i løpet av 2016.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKÅrsmøtet vedtok uttale
Fylkesårsmøtet i Høgre svara med å vedta ein resolusjon der ein vil skaffe spesialfunksjonar til politiet i Flora.
LOVAR Å JOBBE: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier han skal jobbe aktivt for å sikre flest mogleg politioppgåver i Florø.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK– Vi må sørge for at politihuset i Florø blir fylt opp med meir politi, meir kompetanse og fleire oppgåver. Vi må rett og slett sørge for at det blir meir robust, sa Flora-ordføraren til stor jubel frå årsmøtesalen.
- Les også:
- Les også:
Varslar kamp for 113- og 110-sentralane
Fylkeslaget varsla også kamp for den nye AMK-sentralen i Førde som kan forsvinne i dragsuget til politireforma, også alarmsentralen på politihuset i Florø blir det kamp om framover. Begge funksjonane kan i framtida hamne i Bergen.
- Les også:
Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel seier han vil ta kampen i Stortinget.
– Dette var ein veldig god resolusjon og eit veldig klart mandat til meg og resten av fylkesorganisasjonen at vi skal jobbe for å få spesialfunksjonar til Florø. Eg er veldig glad for at vi står samla om dette.