Antonio syklar med over 55 kilo bagasje gjennom heile Europa

UTVIKFJELLET (NRK): Ein tunglasta spanjol brukar ferien sin på å ta seg frå Spania i sør til Nordkapp i nord.

Antonio

55 KILO: Antonio Lopez frå den spanske byen Malaga har lagt ut på ein lang sykkeltur.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Lopez har møtt på dårleg vêr og bremser som streikar, men er likevel ved godt mot på heimturen frå Nordkapp. Det store målet er nådd.

Han reknar med å måtte bruke totalt tre månader på heile sykkelturen når NRK møter han på Utvikfjellet mellom Gloppen og Stryn kommune.

– Det har vore mykje regn og vind. Sola har eg berre sett i fire dagar, seier Lopez.

Syklisten har lagt ut på ein noko lengre tur enn dei fleste på sykkelsetet. Sjølv med 55 kilo tung bagasje og dårleg vêr har det gått overraskande greitt for spanjolen på to hjul.

Antonio

UTVIKFJELLET: Sjølv etter fleire mil på sykkelsetet er Antonio Lopez ved godt humør.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Eg har ikkje møtt dei største problema, men eg har hatt litt trøbbel med bremsene, seier Lopez.

Det trengst mykje utstyr når ein skal leve på sykkelsetet i fleire månader. Lopez har fullasta vesker både framme og bak på sykkelen. Totalt 55 kilo med bagasje har vore med på turen frå Malaga i Spania til Nordkapp i Noreg og på tilbakevegen.

– Eg er ein lett mann, så det har gått heilt greitt, ler han.

Spanjolen har tatt seg gjennom land som Danmark, Tyskland og Tsjekkia, men smale vegar og naturen i Noreg har likevel sett sine spor.

– Noreg er vakkert. Ingen tvil, seier Lopez.