Hopp til innhold

Kompisgjengen sykla Førde – Paris

Kameratgjengen frå Sunnfjord sykla like godt 2000 kilometer frå Førde til Paris i ferien.

Sykla Førde - Paris

VED MÅLET: Jon Olav Leira, Magne Faleide, Ingvar Byrkjeland, Geir Nygård, Torbjørn Os poserer framom Triumfbogen i Paris.

Foto: Privat

– Det er nok ein litt lengre tur ein dei fleste legg ut på. Vi brukte åtte dagar på om lag 2000 kilometer, seier Geir Nygård.

Han og kameratane har det siste halve året planlagt Paris-turen. Det fungerte godt. Og det er ikkje den første langturen dei har lagt bak seg på sykkelsetet.

– Hovudstammen i laget er den same som sykla til Nordkapp i 2014. Så har vi sykla Noreg på tvers. Vi har sykla frå Stockholm til Førde. I fjor hadde vi oss ein tur i dei norske fjella som vi kalla "Tour the Mountains", fortel Nygård.

Champs-Élysées

Når NRK snakkar med dei er dei like utanfor den franske hovudstaden, og er litt spente på om dei får lov å sykle inn på Champs-Élysées, sidan det til alt overmål er den franske nasjonaldagen når dei kjem fram.

– Vi er litt spente på om vi kjem oss inn på Champs-Élysées. Får vi til det så skal vi ha ein liten feiring ved triumfbogen.

Men som bileta frå turen syner, kameratgjengen frå Sunnfjord fekk sykle på paradegata. Sett bort frå nokre punkteringar under vegs har turen gått heilt etter planen.

– Vi kom til Hemsedal første dagen, i flott vêr og medvind. Det har vi fortsett med heilt fram til der vi er no. Vi har hatt sol og medvind i ryggen heile tida, seier Nygård.

Sukla Førde - Paris

PÅ VEG: Kameratgjengen hadde strålande sol og medvind nedover heile kontinentet.

Foto: Privat

Trening kjem godt med

Alle som er med her har trent jamleg i mange år, og har mange mil i beina

– Vi var godt budde og visste kva vi gjekk til. Alle har klart distansen godt. Samstundes er det viktig for oss at vi har med oss følgebil som syter for mat og drikke og eventuelt hjelper oss når det skjer uhell og punkteringar og slikt. På ein slik lang tur er det heilt avgjerande å i seg mat og drikke, seier Nygård.

– Kva står på menyen under slik styrkeprøve?

– Det er vanleg norsk kost. Grovbrød saltmat og sjokomjølk. Jordbær har vi også hatt. Masse godsaker. Det ha vore variert slik at alle et, slik at ikkje noko seier at dette vil eg ikkje ha, det har eg ikkje lyst. Vi finn noko klarar å få i oss.

– Korleis går det med stumpen etter så mange dagar på sykkelsetet?

– Stumpen likar seg betre å betre. Det er alltid verst til å byrje med, men så kjem det seg. Vi brukar diverse smurning og kremar. Men det går seg til, til lengre vi syklar så det går heilt fint, seier Nygård.