Hopp til innhold

Ankar sørdalensaka inn for Høgsterett

Klima- og miljødepartementet ynskjer ei prinsipiell avklaring frå Høgsterett om rekkevidda til naturmangfaldlova og ankar dommen i sørdalensaka inn for Høgsterett.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

ANKAR: Striden rundt kraftlina gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger skal handsamast i Høgsterett.

Foto: Fylkesmannen

Borgarting lagmannsrett avgjorde i mars at Klima- og miljødepartementet sin to år gamle dispensasjon til framføring av 420 kV-linja gjennom Sørdalen naturreservat var ugyldig .

Lagmannsrettene fann også at departementet må betale grunneigarane 1.5 millionar kroner i sakskostnader.

– Det er ynskjeleg med avklaring frå Høgsterett på kva saker som kan handsamast etter dispensasjonsavgjerda, og kva saker som eventuelt krev forskriftsendring eller oppheving/grenseendring av verneområdet, skriv departementet i ei pressemelding.

Ei regelendring i forkant av saka gjorde at lagmannsretten ikkje kunne stogge arbeidet .

– Føreskrifta for Sørdalen naturreservat vart endra 6. februar 2015, slik at vernet ikkje er til hinder for å bygge den aktuelle kraftleidninga, skriv departementet.

Frykta forseinking

Departementet skriv at dispensasjonen 29. mai 2013 bygde på at avslag i saka ville forseinke kraftforsyninga til Midt-Norge, og at det difor var heimel til å gje dispensasjon. Dei hadde ikkje tid til å endre føreskriftene.

– Lagmannsretten sin grunn for å kjenne KLDs dispensasjonsvedtak ugyldig byggjer primært på ein annan vurdering av moglegheitene for at avslag på dispensasjon ville gje ei forseinking, sekundært at forseinking uansett ikkje ville få så alvorlege følgjer at det forsvarar inngrepet i reservatet, skriv departementet.

Ikkje overraska

Grunneigarane i Myklebustddalen er ikkje overraska over at klima- og miljødepartementet har anka dommen i Sørdalen-saka inn for Høgsterett.

Borgarting lagmannsrett avjorde i mars at departementet sin dispensajon til oppføring av 420 kV-line gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger kommune var ugyldig.

Grunneigar Lars Endre Myklebust trur slaget er langtfrå tapt.

– Anken er ikkje overraskande, det som er overraskande er grunngjevinga dei brukar. Eg ser dei skriv at den har rettseleg interesse, men i forkant av tingrettsaka i ferbruar meinte dei det stikk motsette, seier Myklebust.