Hopp til innhold

Sørdalen-dommen får ikkje konskvensar for Statnett

– Dommen i Sørdalen-saka får ikkje konsekvensar for Statnett sitt arbeid med kraftlina i området, seier kommunikasjonssjef i Statnett region vest, Martha Hagerup Nilson.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

KAN BYGGE I SØRDALEN: Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

Foto: Fylkesmannen

Fredag vart det klart at grunneigarane i Bremanger har vunne fram i saka dei reiste mot staten for å få stogga kraftlina gjennom Sørdalen Naturreservat. Borgarting lagmannsrett konkluderte med at Klima- og miljødepartementet sitt vedtak i klagesak frå 29. mai 2013 er ugyldig.

Martha Hagerup Nilson

VENTAR PÅ AVGJERD I FJORDANE TINGRETT: Martha Hagerup Nilson er kommunikasjonssjef i Statnett region vest

Foto: Statnett

– Som lagmannsretten sjølv peikar på så har ikkje rettsavgjerda betydning for å ta i bruk traseen i Sørdalen, fordi Klima- og miljødepartementet i februar i år endra vernestatusen gjennom naturreservat. Med heimel i den forskrifta så kan Statnett bygge, seier Hagerup Nilson.

Endra reglane

Då dåverande energiminister Ola Borten Moe Moe endra konsesjonen gav det utspring til to rettssaker. Ei rettssak om sjølve konsesjonen og traseendringa, som har gått fleire rundar i retten.

Her har namsmannen i Bremanger avgjort at Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen, ei avgjerd grunneigarane ikkje aksepterer.

Den andre saka som galdt lina gjennom Sørdalen naturreservat, har no vore oppe til Borgarting lagmannsrett.

Her hadde grunneigarane Miljøverndepartementet for retten, då dåverande minister Bård Vegar Solhjell gav dispensasjon frå Naturmangfaldslova i 2013. Grunneigarane tapte saka i tingretten i 2014, men har altså no fått medhald i lagmannsretten.

Må vente på tingretten

Sjølv om Statnett også kan bygge i Sørdalen etter at vernestatusen blei endra, kan dei likevel ikkje sette spaden i jorda med ein gong.

Då namsmannen i Bremanger handsama sakene med tilgang til traseane i Bremanger sende han saka over til Fjordane tingrett. Tingretten slo fast at namsmannen skulle handsame tilgangen til eigedomane, med unntak av Sørdalen. Dermed må Statnett vente på eit klarsignal frå tingretten før dei kan starte arbeidet i Sørdalen.

– Statnett har no bede Fjordane tingrett om å også å få tilgang til Sørdalen. Kor lang tid tingretten brukar på det veit eg ikkje, men vi håpar på ei snarleg avklaring, seier Hagerup Nilson.