Den mykje omtala rettssaka skulle opp i Fjordane Tingrett til hausten. Kort fortalt er det tre kvinner som har gått i hop og saksøkt Rune Amundsen for kring 700.000 kroner. Alle er tidlegare pasientar frå den gong han praktiserte som psykolog.
- Misbrukte tillit
Kvinnene krev erstatning for feilbehandling. Dei hevdar Amundsen misbrukte tilliten han fekk av pasientane sine. Mellom anna opplevde dei å bli tekne tilbake til tidlegare liv gjennom hypnose. Ei skal ha blitt brent på bålet som heks, og ei anna skal ha vore nazi-soldat.
Behandlinga skal ha gitt kvinnene store psykiske plager - mykje større enn det Amundsen opphavleg skulle lindre. Men no kan det hende at kvinnene aldri får prøve saka si for retten. Amundsen sin advokat meiner at saka er forelda, og krev at den blir avvist.
Forelda etter tre år
Hovudregelen er at ei sak vert forelda etter tre år, og for mange av kvinnene skriv tida som pasient hos Amundsen seg mykje lenger tilbake - opptil 10 år. Men advokat for kvinnene, Anders Folkmann, meiner saka slettes ikkje er for gammal for rettssystemet. - Når ein har fått store problem som følgje av behandlinga som er gitt, er det ikkje så lett å prioritere rettslege skritt, seier han.
Folkmann reknar med å få grønt lys frå dommaren, og at saka kjem opp til hausten. Advokaten til Rune Amundsen vil ikkje kommentere saka.