– Tittelen psykolog er berre for dei som er autoriserte psykologar og ingen andre, seier underdirektør i helsetilsynet, Jostein Vist.
Fråteken autorisasjonen
Rune Amundsen mista autorisasjonen sin i fjor, etter at Statens helsetilsyn meinte han var ueigna til å utøve yrket og at fleire av pasientane hans var blitt sjukare av behandlinga. Pasientar skal mellom anna ha fått beskjed om at dei var nazist og heks i tidlegare liv.
Tre av pasientane har kravd erstatning på til saman 700.000 av den omstridde eks-psykologen. No er Amundsen igjen i søkelyset, og meld til politiet av Helsetilsynet.
– Bakgrunnen er at Amundsen framleis kallar seg psykolog på nettsidene sine, seier Jostein Vist.
Amundsen avviser
Amundsen reiser no rundt på ein føredragsturne. Han avviser at han driv misvisande profilering av seg sjølv, og stiller seg undrande til skuldingane. Han seier at han ikkje var klar over at han framstår med tittelen psykolog på nettsidene.
– Dette trur eg ikkje kan stemme. Eg har prøvd å gå gjennom alt for å ta ut det som er att frå gamle dagar då eg var psykolog, så dersom dette framleis finst, så beklagar eg det, seier Amundsen.
Opp til politiet
Det er no opp til politiet å avgjere om Amundsen har brote helsepersonellova. Politiadvokat ved Sogn og Fjordane Politikammer, Nana Aaby, seier det kan få alvorlege konsekvensar om Amundsen har brote denne lova.
– Det kan straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader, seier Aaby.
Sjølv meiner Amundsen han er uskuldig, og at han ikkje har meint å gjere noko gale.