Hopp til innhold

Aarebrot: – Fryktar Nordic Mining er stråselskap for utanlandske interesser

– Eg er ikkje skeptisk til sjølve prosjektet, men eg er veldig skeptisk til eigarane, seier professor Frank Aarebrot.

Frank Aarebrot

SKEPTISK: Professor Frank Aarebrot fryktar at gruveprosjektet etter kvart vil bli overteke av utanlandske eigarar.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det har kosta minst 110 millionar kroner i utgreiingar sidan Nordic Mining starta arbeidet med gruvedrifta for ni år sidan. Aarebrot lurer på kor selskapet har fått pengane frå og kven som har betalt utgreiingane.

– Det tykkjer eg er svært uklart og eg fryktar det er sterke utanlandske interesser. Den type spel har eg sett mykje av i Afrika, særleg av kinesarane seier han.

Nordic Mining avviser skuldingane

Han fryktar at Nordic Mining er eit stråselskap, ein framgangsmåte som er mykje brukt i jakta etter sjeldne mineral.

– Når løyva er på plass, så kjem dei kinesiske eigarane inn og overtek heile greia, seier Aarebrot.

Ivar Fossum

AVVISER SKULDINGANE: Nordic Mining og administrerande direktør Ivar S. Fossum seier hovudvekta av aksjonærane i selskapet er norske.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Administrerande direktør, Ivar S. Fossum, avviser skuldingane.

– Så vidt eg veit har vi ikkje ein einaste kinesiske aksjonær i selskapet i dag.

Hovudvekta av aksjonærane er norske

Regjeringa sitt vedtak om å gje løyve til å dumpe 250 million tonn gruveavfall i Førdefjorden har vekt sterke reaksjonar frå miljøforkjemparar. Samstundes vil det kunne bety hundrevis av nye arbeidsplassar til Sogn og Fjordane.

Og nettopp ønsket om å utvikle norsk industri, er hovuddrivkrafta, seier Fossum.

– Vi er eit ekte selskap som er genuint opptatt av å drive norsk industriverksemd.

– Kva interesser er det som står bak selskapet?

– Interessene er samla i dei om lag 3000 aksjonærane selskapet har og 85 prosent av dei er norske, seier Fossum.