Hopp til innhold

Aabrekk: Dette har vore vanskeleg

Sogndalstrenar Harald Aabrekk er overraska over sjansane klubben tok i innspurten for å berge plassen i divisjonen. Han tykkjer det som har skjedd er svært uheldig.

Harald Aabrekk

RYSTA: Trenar Harald Aabrekk er langt frå nøgd med måten Sogndal Fotball har opptredd på.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Torsdag 20. oktober herska det fullt kaos på Fosshaugane Campus etter rykte om at trenar Harald Aabrekk hadde sagt opp.

Det var ein e-post frå dagleg leiar i Idrettssenteret starta heile oppstyret. I e-posten går det fram at det vart jobba i kulissane med å fjerne medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen frå stillinga og tilby denne til ein annan person.

Enden på visa var at Sogndal Fotball la seg flate og bad om orsaking.

Små marginar

I Sogn Avis i dag snakkar trenaren ut om korleis han har opplevd striden som har vore.

– Det overraskar meg at klubben tek sjansen på å gjera slikt når vi er midt oppe i innspurten for å berga plassen i divisjonen. Det er små marginar, og vi er ikkje i mål enda, seier Aabrekk til Sogn Avis.

– Slikt gjer ein ikkje

Han seier dette kunne gått ut over prestasjonane i dei siste viktige kampane for å berge plassen i serien.

– Det er svært uheldig at klubben tek slike sjansar, seier han og legg til at han er rysta over det som skjedde.

– Det går ikkje an å lyse ut og tilby stillinga til ein som er fast tilsett. Slikt gjer ein ikkje, seier Aabrekk.