Hopp til innhold

Diskuterer trenarsituasjonen i kveld

Det er framleis uavklart om Harald Aabrekk fullfører sesongen som trenar for Sogndal Fotball. Det er sterk usemje internt i leiinga i toppklubben.

Trond Fylling

PRESSA: Sportsleg leiar Trond Fylling vonar at Aabrekk blir verande ut sesongen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Klokka 20.00 sit framleis heile leiinga i Sogndal Fotball i møte i administrasjonslokala i Sognahallen.

Det har tidvis vore hektisk aktivitet, der også styreleiar Tor Arne Ness og tidlegare styreleiar, Gunnar Solbakken, er involvert.

– Dei sit framleis i møte, og vi har ikkje fått vite noko meir, seier NRK sin reporter på staden, Arve Uglum.

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, forsøkte på ein improvisert pressekonferanse å avdtramtisere situasjonen

– Det er ikkje rett at Harald Aabrekk har sagt opp på dagen. Vi diskuterer både det som har blitt gjort, og det som kanskje skal skje framover, seier Fylling.

Må løyse usemjene

Han meiner at den djupe usemja og kranglinga i leiinga som no har kome til overflata, er ein naturleg del av livet i ein toppklubb. Harald Aabrekk blir verande ut sesongen, trur Fylling, som likevel ikkje vil stadfeste at dei har kome til ei semje no i kveld.

– Han ønskjer å vere med å vinne fotballkampar for Sogndal, så får vi løyse dei usemjene som eventuelt er i ein klubb, men det kan vi ikkje gjere i påsyn av andre. Det ville gjere arbeidstilhøva heilt umoglege, meiner Fylling.

Harald Aabrekk

I MØTE: Harald Aabrekk er sjølv med på møteverksemda i Sogndal Fotball sine lokale i Sognahallen i kveld.

Foto: Rune Fossum

Tøff bortekamp i vente

– Sogndal har ein tøff bortekamp mot Tromsø på søndag, korleis taklar spelarane det som har skjedd i dag?

– Spillarane er veldig profesjonelle, dei fleste av dei har opplevd liknande saker tidlegare. Det er ikkje ei stor sak for dei. Spelarane skal levere på søndag, og det er deira fokus. Det trur eg dei kan vekse litt på. Det er tøft når ein ligg i nedrykksstriden, sler Fylling fast.

Skal vere på veg ut

Årsaka til at situasjonen no har spissa seg til skal i følgje rykta rundt klubben vere at klubben sin medisinske ansvarlege, Kim Are Jacobsen, og fysisk trenar Eirik Nedrehagen, skal ha fått sagt opp kontraktene sine.

Jacobsen har ikkje fått noko forvarsel på at han var på veg ut, før han såg at stillinga som medisinsk koordinator var lyst ut på nettstaden manuellterapi.no.

– Om dette er årsaka til dagens situasjon vil eg ikkje kommentere, seier Fylling til NRK.