Hopp til innhold

Aabrekk: - Dette kan eg leve med

Både trenar Harald Aabrekk og Even Hovland er klare på ein ting etter tapet mot Molde: - Dei vann fortent og det er noko vi kan leve med.

Harald Aabrekk

GREITT TAP: Sogndal-trenar Harald Aabrekk viste det vart ein tøff kamp og seier han kan leve med tapet mot Molde.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Det vart kanskje ikkje uventa siger til heimelaget då Molde tok i mot Sogndal på sin eigen 100-årsdag i rosenes by. Med 11 000 i kvitt og blått på tribunene vart det ein tøff kamp for gjestane.

- Molde er eit godt heimelag og vi visste før kampen at dette kom til å bli ein av dei vanskelegaste bortekampane. Molde vann fortent, seier Harald Aabrekk til NRK.no etter kampen.

Senka av to perlemål

Sjølv om Sogndal var med i starten var det heimelaget som fekk vise frem sine beste sider på grasmatta på Aker Stadion. Det glatte underlaget gjorde likevel sitt til at det tok 40 minutt før Pape Paté Diouf sette ballen i nettet første gongen.

Tolv minutt før full tid var det Magne Hoseth som kom åleine med Kenneth Udjus i Sogndal-målet og sette spikaren i kista for sogningane.

- Vi går alltid på bana for å vinne, men vi viste at det vart tøft. Molde viser med to flotte mål at dei er hakket kvassare enn oss, seier Aabrekk til NRK.

- Vi har ikkje mist sjølvtilliten av dette

Heller ikkje keeper-trenar Terje Skjeldestad har noko å seie på at Molde stakk av med sigeren. Sjølvtilliten laget fekk med seg etter 3-1 sigeren over Haugesund på heimebane torsdag har heller ikkje gått tapt.

- Dette er ikkje noko å miste nattesøvnen over. Vi visste det vart knalltøft og vi følte vi hang bra med, seier Skjeldestad.

Med tre poeng tronar Molde no heilt på toppen av tabellen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland

FORTENT: Even Hovland er samd med Aabrekk i at Molde fortente sigeren.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Molde er best

Også Even Hovland som var ønska til Molde før sesongen er full av lovord om dei kvite og blå. Han er samd med trenaren om at sigeren var fortent.

- Det er tøft å møte dei her heime. Vi sliter kraftig i første omgang, hevar og litt i andre, men Molde er det klart beste laget over 90 minutt, seier Hovland til NRK.no.

- Kunne det gått annleis om dokke hadde heldt nullen til pause?

- Det kunne det kanskje, men det veit vi ikkje.

- Det blir eit «rotterace»

Med sine 11 poeng held Sogndal seg akkurat over nedrykksstreken, men dersom Odd Grenland eller Viking tek poeng denne runden ligg dei farleg an.

- Eg kan leve med dette tapet. Det viktigaste for oss vert å vinne mot dei laga som ligg rundt oss på tabellen. Det vert eit rotterace for å halde plassen i tippeligaen, vedgår Aabrekk.