– Eg skal halda ein liten tale, så eg er dritnervøs før avdukinga, seier Johnny Nilsen og ler godt.
Laurdag blir ein stor dag for 66-åringen frå Vaksdal og romani-slekta hans. Då skal eit minnesmerke over dei reisande avdukast framføre rekkja av naust på Vikøyri, i samband med den årvisse Norsk bringebærfestival i Vik.
Fristad på Øyri
– Vikøyri var som ein fristad. Her fekk dei vera seg sjølv og fall fint inn i samfunnet. Det er tydeleg at dei treivst sidan dei blei verande så lenge, seier Nilsen.
– Men slik var det ikkje i alle bygder?
– Nei, dei blei jaga både her og der. Folk var skeptiske. Dei reisande hadde eit heilt anna levesett enn bøndene, og det ukjende er det ofte redsel for.
Overgrep
«Tatar», «splint» og «reisande» - namna har vore mange på romanifolket som vandra frå Nord-India kring år 1000 og dukka opp her på byrjinga av 1500-talet. I dag er det omlag 30000 reisande i Norge.
Mange har hatt det vanskeleg:
– I ein periode tok staten ungane frå dei og sendte dei på barneheimar og i forsterheimar. Illgjeten var interneringsleiren Svanviken arbeidsleir på Nordmøre, der romanifamiliar blei splitta om dei ikkje let seg fornorska.
– Kor mykje sit framleis i?
– Mange er bitre. Det var ikkje alle som hadde det like bra. Mange menneske er blitt direkte øydelagde. Andre maktar ikkje å snakka om dette i det heile teke, seier Nilsen.
Orsaking frå regjering og kyrkje
Minnesmerket framføre naustrekkja på Vikøyri er betalt med pengar frå slekta til Nilsen og frå Vik kommune.
– Dette kan vera eit fint symbol på respekt for andre folkegrupper. Vik kommune er med på å følgja opp den orsakinga som regjeringa og kyrkja gav romanifolket for overgrepa dei blei utsette for, seier oppvekstsjef Bjarnhild Samland i Vik kommune:
– Me kjenner til tvangssteriliseringa og tvangsbusetjinga som pågjekk fram til 1970-talet. Dessutan kan me sjå minnesmerket i samanheng med den situasjonen Vik og mange andre kommunar er i, der me tek i mot mange flyktningar.
Oldefaren til Ole Klementsen
Dei reisande budde i naust og hus på Vikøyri om vintrane og laga verktøy og handverk. Om somrane reiste dei rundt med varene, som dei selde.
Ein av dei som slo seg ned i Vik, var oldefaren til boksaren Ole Klementsen:
For Johnny Nilsen blir avdukinga ei storhending, også fordi han har klart å samla 60 frå slekta i Vik denne helga.
– Nokre har eg aldri har sett før, så det blir reine slektstreffet, humrar Nilsen.