Hopp til innhold

«Vik var ein fristad for romani-slekta mi»

VIK (NRK): I morgon går ein draum i oppfylling for Johnny Nilsen. Då skal han avduka eit minnesmerke over dei reisande i Vik - ei bygd der romanifolket blei teke vel i mot.

Johnny Nilsen

ARBEIDD LENGE MED MINNESMERKET: – Mange år har gått sidan eg tenkte at det i Vik burde ha vore eit minnesmerke over alt romani-folket som budde her, seier eldsjel Johnny Nilsen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg skal halda ein liten tale, så eg er dritnervøs før avdukinga, seier Johnny Nilsen og ler godt.

Laurdag blir ein stor dag for 66-åringen frå Vaksdal og romani-slekta hans. Då skal eit minnesmerke over dei reisande avdukast framføre rekkja av naust på Vikøyri, i samband med den årvisse Norsk bringebærfestival i Vik.

Fristad på Øyri

Johnny Nilsen

TAKKSAM: Forfedrane til Johnny Nilsen var blant dei mange reisande som slo seg ned i Vik i perioden 1850-1930, og der blei dei - i motsetning til i mange andre bygder - tekne vel i mot.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vikøyri var som ein fristad. Her fekk dei vera seg sjølv og fall fint inn i samfunnet. Det er tydeleg at dei treivst sidan dei blei verande så lenge, seier Nilsen.

– Men slik var det ikkje i alle bygder?

– Nei, dei blei jaga både her og der. Folk var skeptiske. Dei reisande hadde eit heilt anna levesett enn bøndene, og det ukjende er det ofte redsel for.

Overgrep

«Tatar», «splint» og «reisande» - namna har vore mange på romanifolket som vandra frå Nord-India kring år 1000 og dukka opp her på byrjinga av 1500-talet. I dag er det omlag 30000 reisande i Norge.

Mange har hatt det vanskeleg:

– I ein periode tok staten ungane frå dei og sendte dei på barneheimar og i forsterheimar. Illgjeten var interneringsleiren Svanviken arbeidsleir på Nordmøre, der romanifamiliar blei splitta om dei ikkje let seg fornorska.

– Kor mykje sit framleis i?

– Mange er bitre. Det var ikkje alle som hadde det like bra. Mange menneske er blitt direkte øydelagde. Andre maktar ikkje å snakka om dette i det heile teke, seier Nilsen.

Orsaking frå regjering og kyrkje

Minnesmerket framføre naustrekkja på Vikøyri er betalt med pengar frå slekta til Nilsen og frå Vik kommune.

Bjarnhild Samland

RESPEKT: - Minnesmerket over dei reisande er i tråd med mottoet 'Velkomen til Vik', der me ønskjer å visa at Vik er ein god kommune å vera i, seier oppvekstsjef Bjarnhild Samland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette kan vera eit fint symbol på respekt for andre folkegrupper. Vik kommune er med på å følgja opp den orsakinga som regjeringa og kyrkja gav romanifolket for overgrepa dei blei utsette for, seier oppvekstsjef Bjarnhild Samland i Vik kommune:

– Me kjenner til tvangssteriliseringa og tvangsbusetjinga som pågjekk fram til 1970-talet. Dessutan kan me sjå minnesmerket i samanheng med den situasjonen Vik og mange andre kommunar er i, der me tek i mot mange flyktningar.

Oldefaren til Ole Klementsen

Ole Klemetsen

OLDEFAR FRÅ VIK: Slektsrøtene til Ole Klemetsen er frå Vik.

Foto: SOEREN STEFFEN / SCANPIX

Dei reisande budde i naust og hus på Vikøyri om vintrane og laga verktøy og handverk. Om somrane reiste dei rundt med varene, som dei selde.

Ein av dei som slo seg ned i Vik, var oldefaren til boksaren Ole Klementsen:

For Johnny Nilsen blir avdukinga ei storhending, også fordi han har klart å samla 60 frå slekta i Vik denne helga.

– Nokre har eg aldri har sett før, så det blir reine slektstreffet, humrar Nilsen.